Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Fiskefilet produsert på havet får eigen kvalitetsstandard

Eit nytt kvalitetsmerke skal vise at fisk produsert på havet held høg kvalitet. Åtte båtar har organisert seg i klynga «Norwegian Frozen at Sea».

Illustrasjonsfoto: Audun Braastad / NTB scanpix
Illustrasjonsfoto: Audun Braastad / NTB scanpix

Sjøfrosne filetar er av høg kvalitet og blir fileterte og fryste berre nokre timar etter fisken har blitt fanga. No får desse filetane eigen kvalitetsstandard, skriv Kyst og fjord. Eit prosjekt gjennom Fiskeri- og havbruksnæringas forskingsfinansiering skal synleggjere kvaliteten til filetane, det er til no åtte båtar som er med.

Annonse

Målet har vore at standarden skal dokumentere og sikre kvaliteten på fisk som vert merka som sjøfrosen filet. Filetar som ikkje held mål, får ikkje merket.

Dei åtte båtane har organisert seg i klynga «Norwegian Frozen at Sea», og er saman med Standard Norge, Fiskebåt, Marint Kompetansesenter og Møreforsking partnarar i prosjektet. Kvalitetsstandarden stiller òg krav til berekraft i bedrifta og arbeidsvilkåra til dei tilsette.

Neste artikkel

Sjømatnæringen vil ha momskutt etter nedgang i fiskespising