Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Fiskarlag i nord vil ha utførselsforbod for turistfiskarar

Begge dei nordnorske fiskarlaga er samde i spørsmålet om privatpersonar sin rett til utførsel av eigenfanga fisk. Dei meiner eit forbod er naudsynt.

Illustrasjonsfoto: Terje Pedersen / NTB scanpix / NPK
Annonse

Bakgrunnen for ønsket om forbod mot utførsel av eigenfanga fisk for privatpersonar, er mellom anna uregulerte og dårleg kontrollerte forhold for turistnæringa. Kystnæringa er avhengig av fisken, og turist- og hobbyfiskarar utnyttar han dårleg, meiner Fiskarlaget Nord.

På lang sikt ønsker fiskarlaga at det skal stillast krav til verksemder som driv med turistfiske om å registrere og kontrollere uttaket av fisk, og at dei skal verte pålagt ein kvote på lik linje med fiskeflåten for å sikre at det ikkje blir overfiske.

Neste artikkel

Fiskefilet produsert på havet får eigen kvalitetsstandard