Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Fiskarar håvar inn pengar på silderogn

Fiskarar tener godt på at sushi er populært. På eitt år har verdien av silderogn firedobla seg.

Fiskarar tener godt på at sushi er populært. På eitt år har verdien av silderogn firedobla seg. Illustrasjonsfoto: Lise Åserud / NTB scanpix / NPK
Fiskarar tener godt på at sushi er populært. På eitt år har verdien av silderogn firedobla seg. Illustrasjonsfoto: Lise Åserud / NTB scanpix / NPK

Rogn frå sild er god business. Rogna blir send til Asia, der den blir nytta i sushi. Ifølgje Roald Oen i Norges Sildesalgslag var eksportverdien av sildeprodukt i 2019 på nesten 3,2 milliardar kroner, skriv NRK.

Silderogn utgjorde fem prosent av dette. Eksportverdien på silderogn har meir enn firedobla seg på eitt år.

Annonse

Silderogn er betre butikk enn sildefileten, seier Rune Hoddevik, dagleg leiar ved Pelagia Liavåg.

– Det viser seg at silderogna er ganske populær, og at det er eit sug i marknaden, fortel Hoddevik.

Det er den modne rogna som blir konsumert. Den umodne blir brukt industrielt, blant anna til medisinske og kosmetiske føremål.

Neste artikkel

Havbruksbedrifter varsler søksmål mot regjeringen