Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Etterspurnad etter økologisk mat i fjellet

Fleire turisthytter i fjellet ønskjer å tilby økologisk mat til gjestene sine, men då treng dei hjelp frå fleire lokale bønder.

Styrar ved Gjendesheim Marius Haugaløkken, bonde Ola Kaurstad og prosjektleder Inge Lindseth. Foto: Oikos

– Vi ønskjer å servere økologisk mat med lokal forankring. Vi vil jo ta vare på og bruke kulturlandskapet, seier styraren ved Gjendesheim turisthytte, Marius Haugaløkken, i ei pressemelding.

Haugaløkken har gått inn i eit samarbeid med Oikos – Økologisk Norge. Målet er å betre tilgangen på lokale, økologiske råvarer til kjøkkenet på DNT-hytta, som ligg ved porten til Jotunheimen nasjonalpark.

– Eg vil gjerne kjøpe mat frå lokale bønder som har eit sterkt engasjement for at maten blir produsert slik at kulturlandskap, dyrevelferd og naturmiljø blir tatt vare på, seier Haugaløkken vidare.

Annonse

Skal Gjendesheim og andre turisthytter lykkast i denne satsinga, trengst det fleire økobønder i fjellbygdene. Gjennom prosjektet «Økobønder møter turistbedrifter i fjellet» vil Oikos – Økologisk Norge og Gjendesheim samarbeide om å utvikle ein modell som både skal sikre lokale økobønder avsetning og gi turisthytta tilgang til dei gode råvarene.

I år er målet at Gjendesheim blir sertifisert med sølvmerket for økologisk matservering, som betyr at halvparten av maten dei serverer, er økologisk.

– Fjellet er ein ypparleg arena for å vise kva økologisk, lokal matproduksjon betyr for miljøet, inkludert helsa til folk. Fjellturistar er blant dei som set aller mest pris på ein sunn og frisk kropp, og vakker og rein natur. Men samanhengane er komplekse og trengst å synleggjerast betre, seier prosjektleiar og klinisk ernæringsfysiolog Inge Lindseth.

Neste artikkel

Frå vekst til nedgang for distriktshotella