Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Erstatning til fiskeoppdrettarar etter algeblomstring

Lakseoppdrettar som vart ramma av algeblomstringa i Nordland og Troms i mai, får ta igjen 60 prosent av den tapte produksjonen på fem år.

Ved merdane ved Rinøya i Lødingen låg død laks med buken opp etter å ha blitt ramma av algeoppblomstringa i nord. Foto: Berit Roald / NTB scanpix / NPK
Ved merdane ved Rinøya i Lødingen låg død laks med buken opp etter å ha blitt ramma av algeoppblomstringa i nord. Foto: Berit Roald / NTB scanpix / NPK

Nær 8,2 millionar laksar døydde som følgje av «dødsalgane» i Nordland og Troms. Det har ført til tap på fleire hundre millionar kroner for dei ramma oppdrettsselskapa.

No lèt fiskeriminister Harald T. Nesvik (Frp) lakseoppdrettarar auke produksjonen over dei neste fem åra.

Annonse

– Dette er ein heilt spesiell situasjon, som kom overraskande på oppdrettarane. Eg meiner det er rimeleg å gi dei som har vorte ramma moglegheita til å ta igjen noko av den tapte produksjonen over tid, seier fiskeriministeren i ei pressemelding.

I dag har oppdrettarane ein maksgrense for kor mykje fisk dei kan ha i merdane. No kan likevel dei ramma, basert på dokumentert tap i tonn, auke produksjonen slik at dei kan ta igjen inntil 60 prosent av tapet.

– Dette må ikkje tolkast som at styresmaktene overtar den økonomiske risikoen som oppdrettarar kan møte i andre situasjonar, som til dømes ved sjukdomsutbrot. Oppdrettsnæringa bør ikkje få forventningar om at det vil komme tilsvarande ordningar i framtida, seier fiskeriministeren.

Ifølgje Fiskeridirektoratet førte algeblomstringa til at 4,2 millionar laksar døydde i Nordland, og 4 millionar i Troms. Til saman gjekk 13.432 tonn tapt. Det svarer til ein marknadsverdi på drygt 800 millionar kroner, skriv E24.

Neste artikkel

Kommuner taper millioner på at staten overtar skatteoppkreving