Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Dyrevernalliansen åtvarar mot å gi pelsdyrnæringa «fantasibeløp»

Pelsdyrnæringa har håp om ei rask avklaring og betre kompensasjon når dei blir tvinga til å leggja ned. Dyrevernalliansen åtvarar mot å gi dei «fantasibeløp».

Live Kleveland, kommunikasjonsleder (jurist) i Dyrevernalliansen.

Live Kleveland grunnla Dyrevernalliansen i 2001 sammen med Anton Krag. Hun er utdannet jurist og har arbeidet for blant annet Dyrebeskyttelsen Norge og Dyrehelsetilsynet (nå Mattilsynet).
Live Kleveland, kommunikasjonsleder (jurist) i Dyrevernalliansen. Live Kleveland grunnla Dyrevernalliansen i 2001 sammen med Anton Krag. Hun er utdannet jurist og har arbeidet for blant annet Dyrebeskyttelsen Norge og Dyrehelsetilsynet (nå Mattilsynet).

– Me jobbar med å få dekt tapa våre fullt ut, seier styreleiar Bertran Trane Skadsem i Norges Pelsdyralslag til NTB.

Laget har sett på korleis tolv ulike oppdrettarar kjem ut av det med erstatningsordninga regjeringa har lagt på bordet. Konklusjonen er at dei taper i gjennomsnitt 73 prosent av verdiane, ifølgje ein rapport.

Skadsem meiner dei tolv bruka i rapporten er representative for heile næringa.

Om det tyder at regjeringa må vera førebudd til å leggja tre–fire gonger så mykje pengar på bordet for å erstatta reelle tap, vil ikkje Skadsem svara på, men han konstaterer at erstatningane må aukast betydeleg.

Fleirtal for anna ordning?

Landbruksminister Olaug Bollestad (KrF) har anslått at erstatningsordninga vil kosta 800–850 millionar kroner, men har ikkje sett noko tak. Næringa er likevel sterkt kritisk til utrekningsgrunnlaget for erstatningsordninga. Ho baserer seg på eit erstatningsbeløp per avlstispe og bokført verdi på anlegget.

Etter at Framstegspartiet gjekk ut av regjering, kan partiet no gå saman med Senterpartiet og Arbeidarpartiet om ei anna ordning. Ei avklaring kan me venta torsdag, ifølgje Morten Ørsal Johansen (Frp) som har ansvaret for å landa saka i næringskomiteen på Stortinget.

Annonse

Partiet hans skal diskutera saka på eit gruppemøte onsdag.

– Det er mest sannsynleg at me får eit fleirtal med Ap og Sp, sa han til NTB tysdag.

– Låg inntening

Dyrevernalliansen åtvarar mot å gi næringa det dei kallar fantasibeløp.

– Næringa viser gjerne til verditakstar på pelsdyrfarmane, men desse tar i lita grad omsyn til at pelsdyroppdrettarar har hatt svært låg inntening dei siste åra som følgje av ein nedgang i den globale pelsmarknaden. Rekneskap frå tidlegare år viser òg at mange oppdrettarar hadde raude tal før avviklinga vart vedtatt, seier kommunikasjonsleiar Live Kleveland.

Framskrivingar tyder på at omtrent halvparten av oppdrettarane ville ha avvikla uansett på grunn av dårleg økonomi, hevdar ho, og peikar på at styresmaktene planla å stilla nye krav til oppdrettarar av rev og mink, som ville tyda at dei måtte byggja om.

Skadsem avviser at dei legg fantasibeløp til grunn:

– Dei som driv i denne bransjen, veit at marknaden går i bølgjer. Men slik marknaden ser ut no, ventar me eit oppsving ganske kjapt. Forbruket har vore konstant, men produksjonen har vore for høg, seier han og legg til at det er i ferd med å endra seg.

– Me har vore konkurransedyktige til dags dato, hevdar han.

Han seier bransjen òg venta å driva lønnsamt, sjølv med dei nye krava til dyrevelferd som skulle koma.

Neste artikkel

Frankrike vil «på sikt» forby pelsdyr og bruk av dyr i sirkus