Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Dyrare «julskinka» for svenskane grunna svinekjøtmangel

Mange av godbitane på det svenske julebordet er basert på svinekjøt. Men den store mangelen på svinekjøt i verda gjer at produkta blir dyrare enn normalt for konsumentane.

Svenskane kan rekne med at skinka blir dyrare på årets julebord. Foto: Mostphotos
Svenskane kan rekne med at skinka blir dyrare på årets julebord. Foto: Mostphotos

Juleskinke, den spesielle julepølsa prinskorv, sylte og ribbe (revbensspjäll) blir dyrare, skriv nettstaden Land lantbruk.

Mangelen på svinekjøt kjem dels av tørken i Sverige i fjor då 5 prosent av den svenske svineproduksjonen blei redusert. Men også afrikansk svinepest i den kinesiske svinenæringa har fått tydelege konsekvensar. Kina importerer no store mengder svinekjøt frå Europa. Det har pressa opp prisen på svinekjøt med i snitt 42 prosent.

Annonse

Dei svenske konsumentane kan derfor rekne med at skinka blir dyrare på årets julebord.

Verksemdene Korvpojkarna AB, Pärsons, JM:s Chark og Charkuterifabriken Sverige AB står for nesten 60 prosent av Sveriges totale produksjon av tilverka kjøtprodukt (charkuteri). Svinekjøtmangelen påverkar produksjonen og prissetjinga deira.

– Skal det vere nok til alle så kan vi ikkje køyre ekstraprisar mot dei som handlar, som vi har gjort tidigare år, seier direktør hos Korvpojkarna Ola Persson til avisa Hallandsposten.

Neste artikkel

Rekordstort fall i bondeinntekta etter tørken