Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Coop prøver ut robot

Coop går nye vegar for å løysa arbeidsoppgåver i butikken. I haust testar kjeda ut ein amerikansk robot som kan hjelpa til med å rydda, prisa og fylla på varer.

– At varer har feil pris er noko som irriterer kundane våre, det same gjeld at det ikkje er varer igjen i hylla. Difor ville vi gjera noko med dette, og roboten verkar så langt som ei god løysing, seier kommunikasjonssjef Harald Kristiansen i Coop til E24.

Annonse

Førebels er roboten berre prøvd ut på Obs på Jessheim. Sjølv om røynslene der er gode, har kjeda enno ikkje bestemt seg for om dei kjøpa inn roboten. Skulle det bli aktuelt, vil det ifylgje Kristiansen berre skje på dei største Coop-butikkane.

Neste artikkel

Coop bekrefter funn av salmonella i karbonadedeig