Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Cermaq kan håve inn millionar på å selje Stavanger Havnesilo

Sal og riving av landets største kornlager kan gi statskontrollerte Cermaq ei salsinntekt som er minst fem gonger større enn kjøpesummen.

Reaksjonane frå både Stortinget, matindustrien, kornbransjen og bondeorganisasjonar har vore sterke på at landets desidert største kornlager, Stavanger Havnesilo, ligg an til å bli selt og rive.

Kjøpesum: 21 millionar kroner

Nå viser det seg at salet kan bli svært lukrativt for eigaren av siloanlegget, Cermaq ASA, der staten eig 59,17% av aksjane.

Årsaka er at Cermaq fekk kjøpe det gigantiske kornlageret, med tilhøyrande 10,9 mål tomt midt i Stavanger, for nøkterne 21 millionar kroner.

Det går fram av opplysningar som Nationen har henta inn frå offentlege eigedomsregistre.

Staten gav frå seg anlegget

Salet skjedde i 1995. Seljar var den norske stat ved at dåverande eigar, Statens Kornforretning, skulle splittast opp og omdannast til aksjeselskap.

Kjøparen var Cermaq, som bar namnet Statkorn Holding AS fram til 1. januar 2001 og som blei delprivatisert få år etter kjøpet av kornlageret.

Trur sal kan gi over 100 millionar kroner

Prosjektdirektør Geir Sjaastad i Cermaq har tidlegare uttalt til Nationen at han trur den pågåande salsprosessen kan gi eit tresifra millionbeløp i salsinntekt.

Det vil i tilfelle bety at verdien på eigedommen er minst femdobla i tida etter at staten selde anlegget.

Børsnoterte Cermaq kan dermed sitje att med fleire titals millionar kroner i salsgevinst for kornlageret, som i fleire tiår har vore landets største beredskapslager for korn.

Finansiert av våre skattepengar

Stavanger Havnesilo har ein lagringskapasitet på 195.000 tonn korn, som utgjer heile årets norske importbehov for matkorn, i tillegg til 30.000 tonn melasse til dyrefôr.

Silobygningane dekkjer åleine ei grunnflate på rundt 6300 kvadratmeter. Taket på bygningsmassen ruver over 70 meter over djupvasskaia, som samla er nær 500 meter lang og kan ta imot fem skip samtidig.

Annonse

Utbygginga av heile beredskapslageret og anlegget rundt blei i si tid fullfinansiert over statsbudsjettet.

Det er likevel sal av tomta til bustadformål, noko eigedommen er omregulert til, som gjer at Cermaq nå har utsikt til ein potensiell milliongevinst.

Milliardbeløp å byggje nytt

Ei rekkje fagfolk Nationen har vore i kontakt med seier det vil koste milliardbeløp om eit tilsvarande anlegg skal byggjast opp frå grunnen av på ny i dag.

Sjølve silokonstruksjonen kan trenge rundt 150.000 tonn betong og nær 10.000 tonn armeringsjern. I tillegg er det også behov for omfattande infrastruktur og djupvasskai for å kunne ta imot store skipslaster med korn.

Starta opp utgreiing av behovet

Landbruks- og matminister Sylvi Listhaug (Frp) sette onsdag denne veka i gang ei offentleg finansiert utgreiing av behovet for beredskapslagring av matkorn.

Listhaug uttalte samtidig til Nationen at ho ikkje ser det som aktuelt for regjeringa å føreta seg noko for å hindre at kornlageret blir rive før utgreiinga er klar.

Les også: Fylkesleiarar i Frp vil stoppe silosal i Stavanger

Det var i budsjettforliket mellom Frp, Høgre, KrF og Venstre i november at det blei bestemt at beredskapslagring av korn skulle utgreiast.

Les også: Forsvaret vil ha beredskapslagre for korn

Det sjølv om fagorganet Statens landbruksforvaltning (SLF) tidlegare same år alt hadde konkludert med at det det bør opprettast beredskapslagre for minst eit halvt års forbruk av matkorn, noko dei rødgrøne partia sette av ei startløyving til i statsbudsjettet i haust.

Neste artikkel

Vedum høstet korn-seier på Stortinget