Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Brorparten av Trumps handelsstøtte gjekk til dei største gardane

Meir enn halvparten av Trump-administrasjonens handelskrigshjelp for bønder gjekk til berre ein tiandedel av mottakarane i programmet, viser ein ny analyse.

President Donald Trump Foto: NTB Scanpix/AP Photo/Carolyn Kaster

Åttifire gardsbruk fekk meir enn 500.000 dollar kvar i utbetalingar i løpet av april, ifølgje Environmental Working Group, som har analysert betalingsoppføringane.

Det skriv Bloomberg på sine nettsider.

Skuffa over Landbruksdepartementet

Trump-administrasjonen kunngjorde nyleg ein ny runde med 16 milliardar dollar i handelsstøtte for bønder i år, medan handelskonflikten med Kina held fram. I fjor kom det ei liknande pakke, den gong på 12 milliardar dollar.

Utbetalingane er knytt til areal på garden, noko gruppa som har analysert tala omset til "dess større gard, dess større sjekk". Analysen dekker utbetalingar til meir enn 563.000 deltakarar gjort i 2018 og 2019, til og med april.

Gruppa analyserer og publiserer ofte detaljerte databasar om føderale tilskotsbetalingar for gardsbruk, og legg vekt på ulikskapar i bistand.

Annonse

Tysdag kveld publiserte dei ein søkbar database med mottakarane av handelsstøtta på nettsida si. Der kan ein sjå at den øvste éin prosenten med bønder har fått i snitt 188.000 dollar kvar, medan dei 80 prosent nedste har fått under 5000 dollar kvar i snitt.

Organisasjonen fann også tusenvis av mottakarar av landbrukshandelsstøtte som bur i landets største byar.

Roger Johnson, leiar av National Farmers Union, seier at måten Trump-administrasjonen har fordelt støtte gjev dei største gardane høve til å bli endå større, i ei tid der talet på mellomstore bruk stadig blir mindre.

– Me er skuffa over at Landbruksdepartementet ikkje har fokusert på å støtte familiebønder og ranch-eigarar som treng det mest, seier Johnson, som representerer om lag 200.000 bønder i organisasjonen sin.

– Djupt mangelfullt

Seniorrådgjevar Donald Carr i Environmental Working Group stiller seg bak Johnson.

– Når ein legg til rette for overveldande utbetalingar til ei elitegruppe beståande av dei største gardane, velståande grunneigarar og bybuarar utan reell tilknyting til den daglege drifta på landet, er klart at programmet er djupt mangelfullt. Det gjev ikkje hjelp til bøndene med eit desperat behov, seier Carr.

Neste artikkel

Trump-alliert saksøker kritikere som beskylder ham for å late som han er bonde