For vel eit år sidan måtte øya Sark som er tilknytt Guernsey starte med "import" av mjølk, melder Land lantbruk. No treng øya ny mjølkeprodusent, på eitt vilkår: Du må ta med deg dine eigne kyr.
La ned drifta
Då la nemleg øyas einaste mjølkebondemjølke Chris Nightinggale ned drifta på øya, på grunn av aukande kostnader. No har øya verken bonde eller kyr, og dette har eigaren av sjokoladefabrikken Caragh chocolate på øya reagert på.
– Eg treng fløte frå Sark for å lage sjokoladen min, seier fabrikkeigaren til BBC.
Øya har laga kampanje for å få kyr attende til øya, og Richard Axton, ein av menneska bak kampanjen, seier at dei helst vil ha ein røynd mjølkeprodusent som har eigne kyr.
– Gjerne eit par som vil utvikle si eiga verksemd, seier han til BBC.
Øya har 400 innbyggjarar, og er fri for både kyr, bilar og inntektsskatt, skriv Land lantbruk.