Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Aureoppdrettarar ser ut av Noreg trass vekst innanlands

Tal frå daglegvarehandelen i Noreg viser at nordmenn kjøpte dobbelt så mykje aure i fjor enn året før. Dei norske aureoppdrettarane er likevel meir opptekne av den internasjonale marknaden, fortel IntraFish.

I førre veke kom meldinga om at salet av aure i Noreg dobla seg i fjor. Fleslandrapporten, som tar for seg omsetningsutviklinga blant anna i daglegvarehandelen, viser at innkjøp av fersk aurefilet har auka frå 479 tonn til 963 tonn.

Oppdrettsselskapet Hofseth Aqua AS er blant selskapa som sel auren internasjonalt fordi etterspurnaden er større utanfor Noreg.

Annonse

– Me opplever at det er veksande interesse, og det er tydeleg i eksportstatistikken. Den amerikanske marknaden veks spesielt mykje. Me reknar også med at det vil fortsette å vekse framover, seier Hofstad til IntraFish. Han legg til at selskapet gjer lite i Noreg no, men kan komma til å gjera meir i framtida.

Noreg eksporterte 56.298 tonn aure i 2018, medan den norske marknaden kjøpte 2.800 tonn.

(©NPK)

Neste artikkel

Mindre forbruk av antibiotika til matproduserande dyr i EU/EØS