Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Arla vil lage ost med gmo-teknikk

Meierikonsernet Arla Foods vil begynne å produsere visse populære ostar med løype som er framstilt med hjelp av genmodifiserte bakteriar.

Arla vil lage gmo-ost for å få ein meir effektiv produksjon. Foto: Arla

Men organisasjonen Krav, som har den mest kjende miljømerkeordninga for mat i Sverige, seier nei til ostar med kunstig løype, fortel Sveriges Radio Kronoberg.

– Vi meiner at det er for stor risiko og for mykje som er ukjent for at vi skal sleppe til denne typen produksjon, seier Johan Ceije, salssjef hos Krav, til radiostasjonen.

Annonse

Med moderne gmo-teknikk går det an å framstille kunstig løype, men i enzymet som vert brukt i osteproduksjonen finst ingen gmo-restar, ifølgje Magnus Larsson på Arla Foods. Målet med teknikken er å få ein meir kostnadseffektiv osteproduksjon.

Neste artikkel

Fredag åpner oste-VM i Italia: Norge kommer som regjerende mester