Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Arealavgift blir langt billegare enn grunnrente for oppdrettarane

Sjømat Norge har i lang tid kjempa mot ei arealavgift i oppdrettsnæringa. No har dei endra meining. – Dei ser at arealavgifta er langt billigare enn ein grunnrenteskatt, seier fiskeriprofessor.

Diskusjonen rundt skattlegging av havbruksnæringa har rulla i fleire år. No skal Stortinget avgjere korleis næringa skal skattleggjast i framtida. Illustrasjonsfoto: Gorm Kallestad / NTB scanpix/ NPK
Diskusjonen rundt skattlegging av havbruksnæringa har rulla i fleire år. No skal Stortinget avgjere korleis næringa skal skattleggjast i framtida. Illustrasjonsfoto: Gorm Kallestad / NTB scanpix/ NPK

Eit offentleg utval leia av samfunnsøkonom Karen Helene Ulltveit-Moe kom i november i fjor med ei tilråding om skattlegging i oppdrettsnæringa. Eit fleirtal i utvalet gjekk inn for ein grunnrenteskatt på 40 prosent, noko som svarar til om lag 7 milliardar kroner. Mindretalet i utvalet gjekk inn for ei arealavgift kor ein betaler ei årleg fast avgift for arealet ein nyttar i produksjonen.

Kystkommunane vil ha arealavgift

– Diskusjonen rundt grunnrenteskatt, areal- og produksjonsavgift har gått føre seg i over ti år. Nettverk fjord- og kystkommunar (NFKK) blei stifta som interesseorganisasjon for oppdrettskommunane i 2009. Dei har frå første dag hatt arealavgift som den fremste kampsaka si, seier professor Bjørn Hersoug ved Noregs fiskerihøgskole til Nynorsk pressekontor.

Professor Bjørn Hersoug meiner diskusjonen rundt skattlegging av havbruksnæringa har hatt ein pussig saksgang. Foto: Privat
Professor Bjørn Hersoug meiner diskusjonen rundt skattlegging av havbruksnæringa har hatt ein pussig saksgang. Foto: Privat

Han fortel at NFKK i 2018 endeleg såg ut til å ha stortingsfleirtalet med seg for å få gjennomslag for ønsket sitt om areal- eller produksjonsavgift, men at det heile kokte bort i kålen då finansminister Siv Jensen lanserte eit nytt system.

– Ho lanserte det såkalla Havbruksfondet. Eit fond som legg opp til at alle som får nye løyve eller gjer kapasitetsutvidingar skal betale. Løyva skulle ut på auksjon, og pengane som kom inn på skulle fordelast mellom kommunane og staten. Kommunane skulle få 80 prosent og staten 20. Problemet med Havbruksfondet var at det ikkje gjaldt dei 100 konsesjonane som alt var delt ut.

Næringa endra meining

Etter at Havbruksfondet blei oppretta heldt NFKK fram med å kjempe for ei arealavgift. Noko Sjømat Norge, interesseorganisasjonen til dei fleste lakseoppdrettarane, har sett seg imot fram til nyleg.

– Dei har no skjønt at det vil vere langt billegare å betale ei arealavgift/produksjonsavgift framfor grunnrenteskatt. Norsk lakseproduksjon er i dag på 1,4 millionar tonn. Ei arealavgift vil då gi avgiftsinntekter på 0,5 milliardar. Det er 14 gongar mindre enn beløpet oppdrettarane måtte punga ut med om fleirtalsforslaget om grunnrenteskatt blei vedtatt, fortel han.

Annonse

– Spørsmålet om ei årleg arealavgift/produksjonsavgift må òg sjåast i samanheng med korleis ein ordnar Havbruksfondet. I dag tar kommunane ut alle midlar frå ny kapasitet med ein gong, det vil seie heile den kapitaliserte grunnrenta, utan å tenkje på framtidige generasjonar. Ei betre ordning ville vore at Havbruksfondet opererte som eit ordentleg fond, der kommunane fekk den årlege avkastinga, slik som i Oljefondet.

– Grunnrente er ikkje akseptabelt

Administrerande direktør Geir Ove Ystmark i Sjømat Norge bekreftar at dei i utgangspunktet meinte at ordninga ein har i dag gir gode nok inntekter for oppdrettskommunane.

– Det stemmer at vi no har akseptert ei ordning med arealleige og slik komme kravet frå kommunane i møte. Utgangspunktet vårt har vore at ordninga ein har i dag gir solide inntekter, men debatten har vist at det er ei forventing om at vi yter noko meir, seier Ystmark.

Geir Ove Ystmark i Sjømat Norge fortel at dei i utgangspunktet meinte skatteordninga i oppdrettsnæringa var god nok, men at dei endra meining om arealavgifta for å komme kravet frå kommunane i møte. Foto: Audun Braastad / NTB scanpix / Nynorsk pressekontor
Geir Ove Ystmark i Sjømat Norge fortel at dei i utgangspunktet meinte skatteordninga i oppdrettsnæringa var god nok, men at dei endra meining om arealavgifta for å komme kravet frå kommunane i møte. Foto: Audun Braastad / NTB scanpix / Nynorsk pressekontor

Ystmark understrekar òg at den foreslåtte grunnrenteskatten frå fleirtalet i Ulltveit-Moe-utvalet ikkje er akseptabel for Sjømat Norge og medlemmene deira.

– Vi meiner forslaget frå fleirtalet om å innføre tredobbel skatt på havbruket vil svekkje konkurranseevna, redusere investeringane i Noreg og over tid bidra til at næringa forvitrar i Noreg. Det same seier NFKK. Forslaget frå fleirtalet er rett og slett ikkje ei akseptabel løysing. Den er heller ikkje bra for samfunnet, seier han.

– Pussig saksgang

Bjørn Hersoug meiner saksgangen rundt skattlegging i havbruksnæringa har vore pussig.

– Det har vore ein pussig saksgang, og fleire parti sa allereie før Ulltveit-Moe-utvalet kom med framlegget sitt at dei var imot konklusjonen. No er det i alle fall opp til Stortinget å avgjere kva utfallet blir. Ei avgjerd er venta ein gong i vår, avsluttar fiskeriprofessoren.

Finansdepartementet, som handterer saksgangen, har framleis ikkje tidfesta når saka skal opp til behandling.

– Vi har fått inn om lag 125 høyringsinnspel i samband med at rapporten til Havbruksskatteutvalet har vore på høyring. No skal regjeringa vurdere vidare oppfølging av rapporten, blant anna i lys av høyringssvara. Vi vil komme tilbake til dette på vanleg måte, når det blir aktuelt, skriv Finansdepartementet i ein e-post til Nynorsk pressekontor.

Neste artikkel

Fiskeriministeren vurderer å la oppdretterne ha mer laks i merdene