Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Åkerkantar nullar ut øko-fordel

Artsmangfaldet langs åkerkantane jamnar ut forskjellen mellom økologisk og konvensjonelt landbruk.

Når ein inkluderer andre leveområde på gardane enn berre produksjonsareala, slik som åkerkantar, er det ikkje nemneverdige forskjellar i artsmangfaldet mellom økologiske gardsbruk og konvensjonelle gardsbruk. Foto: Hanna Timmermann / Skog og landskap
Når ein inkluderer andre leveområde på gardane enn berre produksjonsareala, slik som åkerkantar, er det ikkje nemneverdige forskjellar i artsmangfaldet mellom økologiske gardsbruk og konvensjonelle gardsbruk. Foto: Hanna Timmermann / Skog og landskap

Ein ny studie av over 200 gardsbruk i Europa og Afrika viser at også det økologiske landbruket har behov for spesielle tiltak for å halde oppe artsrike leveområde, ikkje berre det konvensjonelle landbruket.

– I gjennomsnitt har matjorda på økologiske gardsbruk eit høgare artsmangfald enn matjorda på konvensjonelt drivne gardsbruk, men når heile gardsbruket blir sett under eitt, er det ingen forskjell i artsmangfald, fortel biolog og forskar Wendy Fjellstad.

Ho har saman med kollega Sebastian Eiter ved Norsk institutt for skog og landskap på Ås vore med i eit forskingsprosjekt som har undersøkt over 200 gardar i 12 ulike regionar i Europa og Afrika.

Må sjå garden under eitt

Resultata frå undersøkinga viser at det på dei økologiske gardsbruka i gjennomsnitt er fleire plante- og dyreartar på sjølve matjorda enn på dei konvensjonelle gardsbruka.

Men då forskarane undersøkte artsmangfaldet på heile garden, forandra biletet seg. Det viste seg nemleg at det ikkje var nokon forskjell på artsmangfaldet mellom økologisk drivne gardsbruk og konvensjonelt drivne gardsbruk, når heile gardsbruket vart sett under eitt.

Førekomsten av sjeldne eller trua artar var heller ikkje påverka av om driftsforma var økologisk eller konvensjonell.

– Nei, når ein inkluderer andre leveområde på gardane enn berre produksjonsareala, slik som små restareal, åkerkantar og liknande, så er det ikkje nemneverdige forskjellar i artsmangfaldet mellom økologiske gardsbruk og konvensjonelle gardsbruk, forklarer Fjellstad.

Årsaka til dette er at artane som ein kan finne på produksjonsareala på økologiske bruk, kan ein også finne i andre område på konvensjonelle bruk, som i hekkar og i åkerkantar.

Frå sau til oliven

Sommaren 2010 starta Fjellstad og Eiter, saman med andre kollegaer ved Skog og landskap, innsamlinga og registreringa av planter, bier, meitemark og edderkoppar frå leveområda på 12 gardar i Nord-Østerdalen i Hedmark. Av desse var seks gardar økologisk drivne.

Annonse

Til saman 205 garder var med i den store europeiske undersøkinga, av dei var halvparten sertifiserte som økologiske. Noreg var representert med «Husdyrproduksjon med sau» og tilhøyrande grovfôrproduksjon. Liknande gardar blei også undersøkt i Sveits, Wales og Ungarn.

Regionar med kornproduksjon, poteter og solsikker, vart undersøkte i Austerrike og Sør-Frankrike. Hagebruk vart undersøkt i Nederland, og bruk med både korn og mjølkekyr blei undersøkt i Bayern i Sør-Tyskland. Også vingardar og olivenproduksjon var ein del av det store EU-prosjektet.

Variasjon viktig

Artsgruppene som vart valde ut til å representere mangfaldet blant planter og dyr i jordbrukslandskapet, drog i ulik grad nytte av den økologiske drifta. Planter og bier var dei som drog størst nytte av økologisk drift.

Hekkar på gardar med grovfôrproduksjon, eller striper med urter mellom åkrane, var tiltak som bidrog til å auke det totale talet på artar på garden vesentleg.

– Det var svært tydeleg at mangfaldet av ulike leveområde var avgjerande for artsmangfaldet, forklarer forskar Wendy Fjellstad.

Ho meiner det er heilt klart at både økologiske og konvensjonelle bruk har behov for spesiell tilrettelegging for å skape levestader for dei meir sjeldne kulturlandskapsartane, og peikar på at miljøkrav til gardane er avgjerande for å halde oppe artsmangfaldet.

– I Noreg er det å vareta bekker, kantsoner og åkerholmar ein føresetnad for å ta imot produksjonstilskot. Her ser vi at desse små leveområda har stor betydning for artsmangfaldet, seier Fjellstad.

Neste artikkel

Vi prioriterer å beskytte truede arter