Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Aker Solutions sa opp 5.000 – no tilset dei 100 ingeniørar

Aker Solutions skal tilsetje opp mot 100 ingeniørar i Stavanger, nokre få år etter at selskapet gjekk frå å ha nesten 11.000 tilsette i Noreg til å ha 5.800.

Opptur: Etter store nedbemanningar i oljenæringa begynner fleire selskap å tilsetje folk igjen. Her frå Oseberg-plattformen. Foto: Helge Hansen/NTB Scanpix
Opptur: Etter store nedbemanningar i oljenæringa begynner fleire selskap å tilsetje folk igjen. Her frå Oseberg-plattformen. Foto: Helge Hansen/NTB Scanpix

Frå 2012 til 2016 vart talet på tilsette nærmast halvert, men no ser det lysare ut, skriv Stavanger Aftenblad.

– Det er litt av ei reise vi har vore med på. Før det stupte, har aldri aktivitetsnivået vore så høgt, seier Tone Aarrestad, som er leiar for engineering og prosjektleiing.

– Folk har stått på, og vi har fått til viktige endringar. Vi har hatt ein del innleigde, som no har fått fast jobb. Ein del som mista jobben er no tilbake, og vi jobbar med å rekruttere nyutdanna, seier ho og legg til at det er ufatteleg hyggeleg å tilsetje nye.

Ho påpeiker samtidig at marknaden framleis er krevjande, og at kontraktane selskapet har vunne ikkje varar evig.

Annonse

Også Aibel fekk merke oljenedturen og har sidan 2014 kutta talet på tilsette med rundt 1.300. I desember tilsette dei 30 personar, i hovudsak folk som hadde jobba for selskapet tidlegare. Prosjekteringsarbeid knytt til Snorre Expansion gir behov for 160 ingeniørar i Stavanger.

Ifølgje ein studie gjort for bransjeorganisasjonen Norsk olje og gass, vil det bli 22.000 nye tilsette i olje- og gassindustrien fram til 2020.

Neste artikkel

Sjømatjubel over frihandelsavtale