Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

80 norske utstillarar klare for Grüne Woche i Berlin

80 norske deltakarar er klare til å vise fram norsk mat og reiseliv på den best besøkte messa i Berlin 17.–26. januar.

80 utstillarar frå Noreg er klare til å servere lokale mat- og reiselivsopplevingar på Grüne Woche. Fredag opnar landbruks- og matminister Olaug Bollestad (KrF) den norske standen. Bilete er frå utstillinga i 2018. Foto: Christiane Jordheim Larsen
80 utstillarar frå Noreg er klare til å servere lokale mat- og reiselivsopplevingar på Grüne Woche. Fredag opnar landbruks- og matminister Olaug Bollestad (KrF) den norske standen. Bilete er frå utstillinga i 2018. Foto: Christiane Jordheim Larsen

Fredag opnar landbruks- og matminister Olaug Bollestad (KrF) den norske standen.

Grüne Woche, den store forbrukarmessa for landbruk, mat og reiseliv går av stabelen 17.–26. januar. Noreg har ein eigen stand med aktørar som skal presentere lokale mat- og reiselivsopplevingar. Ei rekke norske drikkeprodusentar vil vise fram norsk eplemost, sider, øl og akevitt, og Noreg stiller òg med Den norske restauranten.

Grüne Woche (IGW) vil i år ha 1800 utstillarar frå nær 70 land, og 400.000 personar er venta å besøkje messa i år.

Annonse

Noregs deltaking er eit samarbeid mellom Landbruks -og matdepartementet, Innovasjon Noreg , og Noregs ambassade i Berlin. Hovudmålet med å delta, er å utvikle Noreg som ein anerkjend mat- og reiselivsnasjon med tydeleg lokal og regional identitet.

Landbruks- og matminister Olaug Bollestad har med seg ein delegasjon med sentrale norske aktørar innan utdanning, mat og reiseliv til messa. På eit dialogseminar skal dei setje fokus på rekruttering til matbransjen. Bakgrunnen for det er at rekrutteringa til mat- og restaurantfaga i vidaregåande skole har vore låg og gått ned i fleire år.

Deltakinga på Grüne Woche er eitt av tre store omdømmeprosjekt for mat og landbruk; Matstreif nasjonalt, Det Norske Måltid og IGW internasjonalt. Innovasjon Noreg skal dele ut Bedriftsutviklingsprisen i landbruket.

Under messa skal òg 70 landbruksministrar frå ulike land diskutere temaet «Food for all! Trade for Secure, Diverse and Sustainable Nutrition» (Mat for alle! Handel for sikker, mangfaldig og berekraftig ernæring).

Neste artikkel

Prisboom på svin: Danske prisar passerer norske