Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

16.000 laksar rømde frå havmerden til Ocean Farming

Rundt 16.000 laksar rømde frå havmerden til Ocean Farming i Trøndelag i fjor.

Laks i merd hjå Salmar på Frøya i Trøndelag. Foto: Gorm Kallestad / NTB scanpix / NPK

Fiskeridirektoratet fekk meldinga om rømminga frå lokaliteten til selskapet Håbranden utanfor Frøya i september.

Merden er no tømd, og fisken er slakta ut. Den rømde fisken hadde ei snittvekt på rundt fire kilo.

Annonse

Direktoratet gav pålegg om miljøovervaking av 13 laksevassdrag i oktober. Vidare oppfølging av saka blir gjort av Fiskeridirektoratets region i Midt-Noreg.

Ocean Farming er eit selskap i Salmar-konsernet.

Neste artikkel

53 millioner oppdrettslaks gikk tapt i fjor