Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

100 norske ostar skal vera med i VM

Til saman 58 norske osteprodusentar og over 100 norske ostar skal vera med i Oste-VM i Bergen 2. og 3 november. Det er ny rekord.

Rekordstor pågang av oster til oste-VM i Bergen. Illustrasjonsfoto: Gorm Kallestad / NTB scanpix

Det er første gongen VM i ost blir arrangert i Noreg, og Noreg er sterkare representert enn nokon gong. Medan over hundre norske ostar altså er med i den internasjonale tevlinga i år, var det til samanlikning 40 norske ostar påmelde til VM i ost i fjor. Og i 2016 var berre fire norske ostar med i Oste-VM, heiter det i ei pressemelding frå Tine.

Annonse

Tine er ein av samarbeidspartnarane til VM i ost i Bergen og den produsenten som har flest påmelde ostar. Til saman 18 av dei vel 100 påmelde ostane kjem frå Tine.

Oste-VM blir i år arrangert for 32. gong. Til saman er det meldt på nesten 3.500 ostar frå heile verda. Over 230 dommarar skal vera med å vurdera ostane og finna ut kven av dei som er dei beste i verda.

Neste artikkel

Eventyret om budeia og kraftkaren