Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

100 år med John Deere-traktorar

Dei kjende John Deere-traktorane fyller hundre år i år og det blir jubileumsfeiring over heile verda.

Den 12 hk sterke Waterloo Boy Model N, produsert frå 1917 til 1924, var den første traktoren bygdt og markedsført av John Deere. Foto: Felleskjøpet Agri

Den 14. mars 1918 starta Deere & Company produksjon av traktorar. Den største suksesshistoria i landbruksmaskinindustrien starta med Waterloo Boy i Midtvesten i USA.

I dag er John Deere den leiande produsenten av landbrukstraktorar i verda, og selskapet produserer "intelligente" traktorar i 12 fabrikkar over heile verda, fortel Felleskjøpet i ei pressemelding.

Oppkjøpet av Waterloo Gasoline Engine Company i Iowa i 1918, for 2,25 millionar dollar, markerte John Deeres inngang i traktorverksemda.

Dette var på den tida ei mykje debattert og kontroversiell investering, mange kritikarar hadde inga tru på ei framtid for traktoren. Dei stolte meir på bruk av tradisjonelle hestekrefter.

Annonse

Den 12 hk sterke Waterloo Boy-modellen, produsert frå 1917 til 1924, var den første traktoren bygd og marknadsført av John Deere. Den første John Deere-merka, heilgrøne og gule traktoren vart produsert frå 1923 til 1953: Dette var den verkelege starten på suksesshistoria til selskapet. John Deere vart det mest selde traktormerket på verdsbasis for første gong i 1963.

I dag er traktoren ikkje lenger berre konstruert for å trekke reiskapar – dei kan også kommunisere med kvarandre. For eksempel kan traktor/reiskapsautomasjon gjere det mogleg for ei rundballepresse å "snakke" til traktoren for automatisk justering av funksjonar som for eksempel hastigheit, avhengig av arbeidsbelastninga.

Mobil dataoverføring gjer at bønder kan samle data frå såing til hausting og sende dei automatisk til dei mobile einingane sine. Bønder og maskinentreprenørar kan bruke desse dataa til å ta nyttige avgjerder om bruk av gjødsel og plantevernmiddel.

Historia om John Deeres 100 år lange suksess og innovasjon, frå den 12 hk Waterloo Boy til dagens "intelligente" traktorar, blir feira på traktorfabrikkane over heile verda.

John Deere-traktorar på landbruksmessa Dyrsku'n i Seljord i Telemark i 2012. Foto: Bjarne Bekkeheien Aase

Neste artikkel

Fire av ti bønder dropper sikkerhetsbelte i traktoren