Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Utan frivillige døyr kulturen

Eg såg det dagen før festivalen tok til: Kva er ein festival utan innsatsen frå dei frivillige?

Lite rock utan scene: Dei frivillige held og festivalkulturen oppe. Foto: Bente Haarstad
Lite rock utan scene: Dei frivillige held og festivalkulturen oppe. Foto: Bente Haarstad

Kva blir att av kulturlivet om dugnaden forsvinn?

Så lenge eg kan minnast, har eg drive på med frivillig arbeid. Eg har hatt dei fleste rollene: vore pølsekokar og vaskehjelp, instruktør og billettseljar. Det har vore intense arbeidstimar i kortare periodar, og seine nattetimar over fleire år.

Eg har kjent på kroppen – og i hovudet – kor avgjerande dugnadstimane er for i det heile å skape og gjennomføre kulturelle aktivitetar. Eg har sett kor skjørt kulturlivet blir når dugnadsgjengen forsvinn, når ingen lenger stiller opp. Mest av alt har eg sett kor viktig frivillig arbeid er for dei som er med. Kjensla av å gjere noko saman, for fellesskapet.

I dag er eg leiar for folkemusikkfestivalen Jørn Hilme-stemnet på Fagernes. Kvart år er 200 frivillige i sving for å halde festivalen i gang. Kva hadde han vore utan innsatsen frå desse?

Halvparten av all frivillig innsats i Noreg skjer innanfor kultur og fritid, skriv frivillignorge.no Frivilligheita har halde seg høg og stabil i fleire år: To av tre av oss deltek i frivillig arbeid. Kvart år legg dei ned arbeid verdt 80 milliardar kr. Av slike summar blir det mykje kultur. Og vaflar.

Bakgrunnen for deltakinga i frivillig arbeid varierer. Mest av alt er vi med fordi vi ynskjer å gjere noko godt og meiningsfullt for andre. Eg såg det sjølv under gjennomføringa av Jørn Hilme-stemnet i sommar. Mange av dei frivillige er med i folkemusikkmiljøet, dei har ungar i kulturskulen eller i eit spelemannslag – eller dei har familiemedlemmer og vener som er utøvarar. Dugnadsarbeid er gleda av å hjelpe andre – slik det òg er med på å utvikle ein sjølv, gir nyttig erfaring og kompetanse på vegen vidare i livet. Nytten av dugnadsarbeidet går båe vegar.

Nokre i dugnadsgjengen er ferske, ser eg, men dei fleste har vore med i fleire år. Dei kjenner stor eigarskap til festivalen og til oppgåvene som skal gjerast: Dette er noko dei kan og meistrar. Ein som er sekretær i kommunen, er flink med data og registreringar – og passar utmerkt på eit festivalkontor. Andre att arbeider til dagleg med praktiske yrke, er snikkarar, gardbrukarar. Dei er vande med å ta eit fysisk tak. Slik er dei frivillige også vesentlege bidragsytarar til den samla kompetansen i organisasjonen. Dei trufaste tråvarane er såleis eit nyttig korrektiv til arbeidet som skal gjerast. Det kjem godt med dei gongene festivalleiinga blir skifta ut.

Annonse

Det ligg mykje danning og sjølvutvikling i alt dugnadsarbeidet, når ein får anledning til å hjelpe andre utan krav om motytingar av noko slag. Alt arbeid skal ikkje løne seg, eller gjerast om i kroner og øre. Kanskje er det heilt greitt òg? Kjernen i kunsten og kulturen er ikkje økonomien, men innhaldet som blir formidla.

Finst det utfordringar i dugnadsarbeidet som vi ikkje ser, eller som vi sjeldan gjer noko med?

Deltakinga i det frivillige arbeidet held seg stabilt, men er ikkje jamt fordelt. Øvst i frivillighierarkiet tronar dugnadsjobbane på festivalane. Dei er motorane i mykje av kulturlivet i mange byar og bygdelag i dag. Dei disponerer store budsjett og har kraft og ressursar til å samle mange, til å organisere eit koppel med frivillige.

Uoffisielle tal eg har henta inn for fem festivalar, viser at nær 1650 dugnadsfolk er i sving kvar sommar for sin festival. På Peer Gynt-stemnet på Gålå er ikring 350 med i frivillig arbeid kvart år. Vinjerock i Jotunheimen har i eit normalår nær 700 frivillige i arbeid. Jørn Hilme-stemnet på Fagernes, ikring 200. Førdefestivalen i Førde, mellom 300 og 350. Osafestivalen på Voss ikring 80.

Dessutan dreier frivillig arbeid seg ofte om sjølvrealisering og individualisme. Du blir rettnok ikkje rik på festivalarbeid, men det er inn å vere med, du blir kreditert med festivalpass, heite festar og ei linje på CV-en. Kven seier nei takk til å vere med på dette?

Gjev kompetanse - og moro

"Frivillig arbeid dreier seg ofte om sjølvrealisering og individualisme."

Mange av dei som deltek, har vore med i mange år. Det skal kulturlivet vere takksamt for. Samstundes finst utfordringar med å knyte til seg nye. Dei frivillige er ikkje sjeldan gjengangarane – dei som stiller opp att frå år til år. Det slår meg kor einsarta og homogent folkemusikkmiljøet stundom er. Også mengda av frivillige.

Frivilligheita finst i alle krikar og krokar av kulturlivet. På bygdemuseet på Lesja blir dei fleste av aktivitetane til gjennom innsats frå nettopp dei frivillige. Sommarstid organiserer bygdekvinnelag, historielag og husflidslag historietimar og lefsebakst, dei sel kaffi, og dei stiller opp på dugnad av alle slag.

Berre eit mindretal av oss – 12 prosent – er med i frivillig arbeid fordi vi kjenner ei plikt til å delta. Ei pliktkjensle er ikkje enkel å talfeste. Kanskje er plikta meir samansett enn vi trur? Skal det skje noko i ei bygd, så må dei som bur der, vere aktive medskaparar sjølve. Attraktive bygder blir attraktive fyrst når dei som bur der, forstår at kulturen ikkje kjem av seg sjølv, men at attraktiviteten veks ut av eit engasjement frå fleire. Det er ikkje gjeve i ei tid der tilhøyr og identitet flyt, og der forpliktingane til eit lokalsamfunn ikkje lenger er like sterke som dei ein gong var.

Neste artikkel

En kostbar streik for kulturlivet