Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Tommel opp for tillitsmannen

Dei modigaste av oss tar vegen inn i politikken for å forvalte fellesgoda våre og ta dei vanskelege avgjerdene på vegner av fellesskapen, som våre tillitspersonar.

Valkamp: Når folk brukar tre månader av livet sitt annakvart år på å forsøke å overtyde andre om at deira løysingar er dei beste, trur eg faktisk på at dei har eit ønske om å gjere verda litt betre etterpå, skriv skribenten. Her frå valkampboder i Spikersuppa i 2019. Foto: Terje Bendiksby / NTB
Valkamp: Når folk brukar tre månader av livet sitt annakvart år på å forsøke å overtyde andre om at deira løysingar er dei beste, trur eg faktisk på at dei har eit ønske om å gjere verda litt betre etterpå, skriv skribenten. Her frå valkampboder i Spikersuppa i 2019. Foto: Terje Bendiksby / NTB

Det er lett å engasjere seg og fortelje andre kva du meiner no til dags. Dei aller fleste avgrensar engasjementet sitt til å like noko eller hytte med neven på internett, eller melde seg inn i ei Facebook-gruppe, skrive under på eit opprop eller legge til ei ny ramme på profilbildet sitt.

Mange betalar medlemspengar til interesseorganisasjonar og politiske parti, og nokon tar steget ut i offentlegheita med engasjementet sitt, i demonstrasjonar og fakkeltog, og jobbar aktivt med å påverke.

Dei modigaste av oss tar vegen inn i politikken for å forvalte fellesgoda våre og ta dei vanskelege avgjerdene på vegner av fellesskapen, som våre tillitspersonar.

Det gjer dei ikkje utan motstand og mistillit. Politikarforakta lever i beste velgåande. Du kan sjå ho både i mørke delar av internett, men også i det normale sommardrøset, mellom folk som sit langt frå makta. Hetsen mot politikarar har blitt eit større problem dei siste åra.

I ei undersøking frå 2019 seier 16 prosent av stortingsrepresentantane at dei har opplevd hets og trakassering, og 15 prosent av lokalpolitikarane i landet oppgir hatefulle ytringar og trakassering som grunnen til at dei har gitt seg i politikken.

Eg kan forstå mistrua mot politikarar når saker om at politikarar har misbrukt makta eller goda som følgjer med ombodet, dominerer media. Det høyrer heldigvis til unntaka. Dei mest forenkla debattane i media der konflikten blir dyrka mellom to retorisk trena debattantar kan også gi eit misvisande bilde av kompleksiteten i det politiske arbeidet. Men når eg ser rundt meg no i oppstarten av valkampen, forstår eg ikkje kor den grunnleggande mistrua enkelte har mot politikarar kjem ifrå.

For det eg ser er folk som frivillig kler på seg uformeleg tøy med partilogo og brukar ferien på å sykle, reise med båt langs kysten, leve i bubil, besøke menneske og arbeidsplassar, og til å formidle det dei meiner er dei beste løysingane for korleis vi skal drifte samfunnet vårt.

Annonse

«Både vi som veljarar og dei som blir valde av oss har eit ansvar for at demokratiet vårt skal fungere.»

Demokrati

Nokre av dei er listetoppar i valkrinsen sin, andre er listefyll, og ein del står på post for partiet sitt utan sjølv å kunne hauste taburettar etterpå. Nokre gjer det for tiande gong, andre er førstereis. Dei representerer ulike parti og ulike ideologiar. Men det dei har til felles er at dei brukar tre månader av livet sitt på å forsøke å vinne tillit hos veljarane til å få vere med å endre samfunnet i den retninga dei trur mest på dei neste fire åra.

Eg kan ikkje stemme på alle, fordi eg er usamd i politikken og ideologien til mange av dei, og fordi stemma mi berre kan gå til eitt parti. Men eg stoler på intensjonane deira. Ikkje minst når vi veit kor høg prisen er for å oppsøke offentlegheita på denne måten.

For når folk brukar tre månader av livet sitt annakvart år på å forsøke å overtyde andre menneske om at deira løysingar for samfunnet er dei beste, trur eg faktisk på at dei har eit ønske om å gjere verda litt betre etterpå. At dei faktisk vil bruke makta dei søker på ein god måte.

Eg håpar iallfall det. For tiltrua til politikarane og demokratiet er avhengig av at dei som oppsøker og får makt, nyttar posisjonane sine riktig. Dei som søker makt, skal bli målt på innsatsen sin av dei som har stemt på dei. Å stille til val på eit program og på vegner av ei befolkning som vil det same som deg, krev at du representerer det programmet og dei folka når du endar med å få makt. Det handlar også om å vise seg tilliten verdig, i måten ein forvaltar privilegia som følger med ombodet og makta.

Vi kjem truleg til å ha eit anna politisk landskap etter valet, der plassane på Stortinget er fordelt jamnare utover fleire parti. Truleg får vi også ei ny mindretalsregjering. Det gir mindre rom for representantar til å vere komitefyll, det gir større moglegheiter for å syne fram det parlamentariske arbeidet og fleire høve for dei enkelte representantane til å syne fram kva dei bidreg med, både som ombodspersonar frå ein valkrins og som ombodspersonar innanfor eit politikkområde.

Kan hende det vil gi dårlegare kår for politikarforakta når fleire har moglegheit til å spele ei meir synleg rolle i utforminga av politikk.

Både vi som veljarar og dei som blir valde av oss har eit ansvar for at demokratiet vårt skal fungere. Vi har ansvar for å stemme på dei vi ønskjer som tillitspersonane våre, og til å dømme dei på sak, ikkje person, på jobben dei utfører, ikkje korleis dei ser ut. Og vi må ha tolmod. Politiske gjennomslag krev trass alt meir langsiktig arbeid enn den tida det tar å gå ein tommel opp på internett.

Har du noe på hjertet?

Neste artikkel

Nekter å svare om SV: – Den beste regjeringen er en regjering mellom Sp og Ap