Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Snø og granskog

Bøyer seg: Granskog - og folk - tåler tung bør, obserververer Nationens spaltist. Foto: Aasmund Nordstogas
Bøyer seg: Granskog - og folk - tåler tung bør, obserververer Nationens spaltist. Foto: Aasmund Nordstogas

Tale om heimsleg -

snø og granskog

er heimsleg.

Frå første stund

er det vårt.

Før nokon har fortalt det,

at det er snø og granskog,

har det plass i oss -

og sidan er det der

heile heile tida.

Meterdjup fonn

kring mørke tre

- det er for oss!

Innblanda i vår eigen ande.

Heile heile tida,

om ingen ser det,

har vi snø og granskog med.

Ja lia med snøen,

og tre ved tre

Annonse

så langt ein ser,

kvar vi er

vender vi mot det.

Og har i oss ein lovnad

om å koma heim.

Koma heim,

gå borti der,

bøyge greiner,

- og kjenne så det fer i ein

kva det er å vera der ein høyrer til.

Heile heile tida,

til det er sløkt

i våre innlandshjarte. (Tarjei Vesaas)

2021 er her - sprakande kald og snøtung. Gamaldags vinter, sa ei dame eg møtte i skiløypa for nokre dagar sidan. Eg sa meg samd, samstundes som det murra ein mistanke om at det ikkje var heilt som før likevel. For snøen som kom før jol er uvanleg tung, og bit seg fast i alt som minner om kvister og greiner. Slepper ikkje taket. Paletten som vergudane har brukt for å måle det mektig flotte vinterlandskapet har halde ein temperatur rett rundt null. Dei har klabba til med breid pensel og mykje måling.

Eg er, som lesaren sikkert har forstått, glad i vinteren. Dvs den vinteren som held seg med 5-6 kuldegrader og snø. Då vert dei mørkaste vintermånadene litt ljosare og litt lunare og det vert litt mindre tiltak å gå seg ein tur. Ja skituren er beint fram morosam med gode ski og godt vér! I desember datt det ned med skiføre. Eg hugsar til og med datoen snøen for alvor kom, for då stod eg i Hjartdal kyrkje og heldt jolekonsert og såg det lavde ned utanfor vindauget. Det var 13. desember. Men det gav seg ikkje. På eit par døgn hadde me jolestemning i metershøgd. Tung, tung snø.

Det kom mykje. Mangt eit tre har bøygd seg under tyngda, og aldri før har eg brøytt både høgt og lågt når eg hentar rundballar. Det er svært vakkert å sjå til når den låge januarsola glytter fram over Veksfjellkammen og forgyller fjell og li - eller når månen fargar alt i blått. Men under den vakre yta står skogen i kneståande - pressar ryggen mot tyngda - held og held - og ventar på at våren skal fri den frå åket. Nett slik me menneske held og held denne vinteren - står i spenn - strekkjer tolmodet så langt me kan for å halde ut.

Inngangen til 2021 vart kolsvart. Katastrofa i Gjerdrum heng i oss, og koronapandemien sette smitterekord. Samstundes har desse krisene fått fram mykje av det positive i samfunnet vårt. Me har styresmakter, vener, grannar og familie som bryr seg og som trør til med hjelp når det trengst. Me har eit styresett som fungerar i krisetider, og me er heldige som har ressursar til å yte det aller beste. Og så er me eit folk som oftast gjer slik styresmaktene ber om. Folket har tillit til dei som styrer oss - og det er ikkje sjølvsagt - berre sjå korleis tilliten vaklar i USA. Til hausten er det vår tur til å røyste over kven som skal styre oss. Eg vonar valkampen vert ærleg, sakleg og tydeleg, slik at tilliten til politikarane våre held seg på eit høgt nivå. Det har me stor nytte av, særleg i krisetider.

Snart vil kameralinsene finne andre motiv enn rasgropa i Gjerdrum, og kanskje også regjeringas pressekonferansar om koronatiltak. Då gjeld det å hugse at krisa ikkje er over for dei som vart hardast råka. Mange vil vera huslause i lang tid, og mange vil vera utan arbeid. Det vil ta lang tid å lækje såra etter raset og pandemien - og mange vil ha behov for hjelp lenge. Raset i Gjerdrum vil liggje der som eit sår som kanskje aldri kjem til å gro skikkeleg. Det blir eit stort arr i terrenget - og i menneska som opplevde det. Ikkje like synleg, men kanskje like merkbart vil me kjenne på eit arr etter pandemien - og særleg dei som har mist nokon dei var glade i.

Til liks med trea i skogen vil ikkje alle koma uskadde gjenom krisa - men når tyngda sakte renn av, vil me - som skogen - reise oss att.

Har du noe på hjertet?

Neste artikkel

Musikken i kvardagen