Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Pulsen i Noreg

Landbruket kan flikkast på. Men må me vekse oss større kvar gong?

Pulsen av Norge: Rytmisk vakuum trekker melk ut av kua og inn i norsk økonomi og ernæring. Foto: Franck Fouquet
Pulsen av Norge: Rytmisk vakuum trekker melk ut av kua og inn i norsk økonomi og ernæring. Foto: Franck Fouquet

Pulsatoren går, og varm mjølk sildrar ut i spenekoppen. Pulsatorar har gått kvar dag heilt sidan mjølkemaskina kom i bruk i 1918. Det tikkar pulsatorar i fjell og dal og li. Dei tikka og gjekk for ei veke sidan, då landbruket leverte inn kravet sitt til staten, og dei vil tikke og gå i morgon også, når staten svarar med sitt tilbod.

Men vil me høyre like mange taktfaste tikk om eit år eller fem? Mykje står på spel for mjølkeprodusentane no. Lausdriftskravet nærmar seg, og mange tel både knappar og glansbilete. Alle veit at knappar og glansbilete ikkje er noko å leva av, men at det faktisk kan vera noko å leva for.

Her på garden er det litt slik. Me lever ikkje fyrst og fremst av garden, men like mykje for den. Utbyggjinga som stod ferdig for to år sidan gjorde arbeidet lettare og drifta meir fleksibel. Lønsemda er omtrent som før. Økonomisk vinst var ikkje hovudsaka, men at det skulle bli lettare å leva med garden. Likevel synest me det er trasig at me får omtrent det same for mjølka no som då me overtok i 2005, medan stort sett alle driftskostnadene har auka. Men me har altså ei livsform me trivst med, og som me føler er i pakt og i takt med landskapet me bur i.

Eg har forståing for at ikkje alle kan sjå det slik - at bønder sjølvsagt må få betalt for innsatsen. Og særleg gjeld dette dei mindre bruka. Dei som etter dette landbruksoppgjeret vil gjera seg ferdig med knappeteljinga og enten selgje seg ut, eller byggje seg inn. Alt avhengig av meklingsresultat og/eller -brot.

Det har vori mykje diskusjon om lausdriftskravet denne våren. Eg synest det er synd om landbruket får omgjort dette kravet. Både for dyrevelferden si skuld, og for omdømet til næringa vår. Eg ser i eiga besetning at kyrne trivst og held seg friskare, reinare og sprekare i det nye fjoset. Mjølkar meir gjer dei også.

Annonse

Kvifor er det slik at ein absolutt må utvide besetninga når ein byggjer om? Dersom det er slik at det norske folk ynskjer stuttreist mjølk frå frittgåande kyr som et lokalprodusert fór, så må staten kjenne si besøkingstid no, og gje tilskot som monar slik at dei små og mellomstore båsfjøsa kan bli ombygde til lausdrift. Det må løne seg å byggje om, utan å byggje på!

"Det må løne seg å byggje om, utan å byggje på!"

Ein må sjå seg godt om i eksisterande fjos, og leite etter dei rimelege og gjerne kreative løysingane. Eg veit om ein som sette opp fanghekk ved forbrettet og låser kyrne fast, for så å mjølke dei med eit "gamaldags" røyrmjølkingsanlegg. Etter mjølking er det full lausdrift att.

Sjølv så var eg veldig oppteken av å bruke mest mogeleg av eksisterande bygningsmasse. Fjoset som foreldra mine sette opp tidleg på 1990-talet, med plass til 10 årskyr i foringsliggjebåsar, er i dag ungdyr- og kalvingsavdeling. Det gamle mjølkemaskinspannet er kome i bruk att i barselavdelinga, og både riving, støyping og montering vart gjort av bonden sjølv (og han er ikkje akkurat vidkjend, men snarare berykta, for sin omgang med hamar og spiker!).

Så må ein også spørje seg om ein har eit fornuftig driftsapparat utanfor fjoset. Kan ein greie seg utan eigen innhaustingsreiskap for eksempel? Maskiner og traktor rundar fort millionen om ein satsar på å eige heile haustelinja sjølv. Mange er heilt avhengige av å ha slik reiskap sjølve, men det er også mange som greier seg fint med å leige slåttekar og -utstyr. Dersom ein går saman med ein granne eller to om å leige slåtte-entrepenør, får ein gjerne gjort jobben til rett tid, sjølv om ein ikkje har hundre prosent kontroll på reiskapen.

Rundt omkring i dei tusen fjos, finst det heilt sikkert både kunnskap og kreativitet til å gjera jobben slik at både kyr, bonde og Mattilsyn vert fornøgde - men då trengs det skikkeleg inspirasjon og oppmuntring! Det får ein ikkje av utsikter til botnlaus gjeld og eit driftsapparat i utakt med eigen eigedom.

Men dersom staten stiller både med pengar og muntre heiarop, vil me framleis høyre taktfaste pulsatortikk i fjell og dal og li.

Neste artikkel

En veterinærs hverdag