Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Ny regjering, ny giv for utmarka?

Gjennom betre og meir bruk av utmarksressursane våre kan Støre-regjeringa utgjera ein stor forskjell for naturmangfaldet i Noreg.

Dyr på beite gjer det mogleg for mange andre artar å leva – i tillegg til at me får brukt utmarksressursar til å produsera mat, skriv Gaute Eiterjord. Foto: Hilde Lysengen Havro
Dyr på beite gjer det mogleg for mange andre artar å leva – i tillegg til at me får brukt utmarksressursar til å produsera mat, skriv Gaute Eiterjord. Foto: Hilde Lysengen Havro

Ei helg for nokre år sidan var me ein gjeng frå Natur og Ungdom som drog til Olestølen i Valdres for å vera med og rydda gamle setervollar for einerbuskar. Me sagde, klippa og reiv busk etter busk, og det vart nokre svære haugar. Innimellom blei det også tid til å vera med og mjølka geitene og læra om både ysting og brunostkoking. I desse dagar er det ikkje ofte ein kan følga maten sin så direkte frå jord til bord.

Me var der for å gjera beitet betre for husdyra, sidan det hadde grodd til med buskar og tre etter kvart som det var mindre dyr i utmarka. Slike beitemarker blir utilgjengelege for dyra, og kan skada spenar og jur.

Men me var òg der for å hjelpa dei andre vekstane i stølslandskapet, som ikkje trivst når det kjem høgare planter og gir dei konkurranse om plass og lys. For oss menneske kan det vera kjipt å stå i skuggen av andre, for planter kan dette bokstaveleg talt vera vinn eller forsvinn.

Opne naturområde under skoggrensa er viktige leveområde for mange artar, og er forma (og avhengig) av korleis dyr og menneske har brukt dei til å hausta fôr og trevirke gjennom lang tid. Nå er mange slike naturtypar – mark, eng og hei som har blitt slått eller beite – i tilbakegang fordi me ikkje bruker landskapet på den same måten som før.

Ein fjerdedel av dei utryddingstruga artane på den norske raudlista held til i kulturlandskap. Dei mistar leveområda sine i ei tid kor jordbruket anten går mot meir intensiv og einsidig drift eller blir liggande brakk. Utan bruk tar buskane, og etter kvart skogen, over, og attgroinga blir forsterka av klimaendringane.

Men så kan ein jo lura: Er det ikkje berre naturens gang at skogen vender tilbake når me sluttar å bruka landskapet? Skog er jo natur det og? Jodå, men det blir ein heilt annan natur med heilt andre artar, og det vil dessutan ta lang tid før det blir ein artsrik gammalskog. Viss landskapet gror att, kor skal alle artane som treng opne marker og lys gjera av seg?

Annonse

Me veit lite om korleis landskapet i Noreg såg ut i fordoms tid, men truleg var det også då område under skoggrensa som var opne på grunn av brann, ville beitedyr og andre forstyrringar. Då me menneske byrja med jordbruk flytta desse artane inn i våre kulturlandskap – og nå treng dei at me opprettheld desse områda for at dei ikkje skal forsvinna.

Dei treng at ein del av jordbruket vårt framleis blir drive ekstensivt, med ugjødsla naturbeitemarker og tradisjonelle slåtteenger.

På einerdugnaden vår viste bøndene oss rundt på setervollen og peika på dei forskjellige plantene og soppane som vaks der. Me merka stor forskjell i artsmangfaldet der det framleis var ope, og der me reiv og sleit i tettvaksne einerbuskar.

Planter, soppar, insekt og fuglar kan alle dra fordel av at landskapet er ope. For at det skal halda seg slik må nokon koma og rydda. At dyr går på beite hjelper i tillegg plantene med frøspreiing og spiring, og dyremøkk for spesialiserte biller og mosar.

Dyr på beite gjer det mogleg for mange andre artar å leva – i tillegg til at me får brukt utmarksressursar til å produsera mat. Når dyra beitar på gras, urter og lauv i utmarka er det fôrressursar som verken treng kunstgjødsel eller sprøytemiddel, fôr som ikkje treng å fraktast jorda rundt eller øydelegga sårbar natur slik som soyabønner frå Brasil.

Då me reiste til Valdres for å rydda einer var det ein dugnad, men meir enn dugnadar for å sikra artsrike kulturlandskap på sikt – det trengst politikk. Støre-regjeringa har ikkje fronta seg som særleg opptatt av å verna meir natur så langt, men når det gjeld å ivareta artsrike kulturlandskap burde dette vera midt i blinken for landbruksminister Sandra Borch.

For her er jo nemleg meir bruk løysinga for å ta vare på naturen! Til dømes kan regjeringa utvida ordninga med utvalde kulturlandskap og gi meir støtte til utmarksbeite og setring. Ikkje minst må det bli meir lønsamt å bruka norske areal, og matjord og utmark må ikkje byggast ned eller brukast til andre føremål.

Sjølv om mykje av kulturlandskapet vårt held på å gro att er det mykje som framleis kan takast vare på og restaurerast. Dei intakte flekkane med slåtteenger kan haldast i hevd, og ekstensivt beite kan skapa spreiingsvegar mellom desse.

Slik blir artsmangfaldet sikra ei framtid og me får samstundes oppretthalde utmarksbeita – dei kan jo ikkje brukast om dei er grodd att! Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO) har anslått at me i dag bruker ein tredjedel av dei potensielle fôrressursane i utmarka. Det er her potensialet for berekraftig matproduksjon ligg, men då er det det me må bruka jordbruksstøtta på, ikkje å sentralisera og intensivera matproduksjonen.

Neste artikkel

Strømkostnadene – mye større enn strømregningen for desember