Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Sutring ved magasinkanten

Aldri har eg betalt så mykje, for så lite!

Slit: Nationen sin spaltist plundrar med å forstå kvifor me må vere kobla på eit Europa i energikrise. Foto: Ørn E. Borgen / NTB
Slit: Nationen sin spaltist plundrar med å forstå kvifor me må vere kobla på eit Europa i energikrise. Foto: Ørn E. Borgen / NTB

Me sparer på straumen der me kan, og samanliknar eg straumforbruket frå i fjor, ligg me godt under - medan rekningane er dobbelt så store.

Sjølvsagt hjelper det med refusjon frå både kommune og stat, men likevel er det frykteleg irriterande å betale dyrt for ei vare som kommunen eg bur i er storprodusent av!

No har eg lagt godviljen til i heile sommar, for å forstå kvifor staten ikkje skal blande seg inn i straum-marknaden. Kvifor det er lurt å koble seg til eit Europa i energikrise. For å godta at energiselskapa ser seg nøydde til å tappe vassmagasina våre.

Men eg forstår det altså ikkje.

Argumenta for at straumprisen må vera høg, og at utanlandskablar er av det gode, er innfløkte og vanskeleg tilgjengeleg for ei enkel sjel. Eg har til og med seti på konferanse i fleire dagar, der hovudtema var nettopp straum. Der fekk eg servert det eine foredraget etter det hitt om kor altfor lite straumproduksjon me har for å møte det grøne skiftet.

Batterifabrikkar og meir eller (helst) mindre godt grunngjevne datasenter står i kø i lag med svært mange andre grøne og lovande industriprosjekt for å få tilgang til nok straum. Men det var ingen som tok til orde for å stenge utanlandskablane for å bruke straumen på eigen kjøl - og soleis sikre straumtilgangen.

Alle snakka i staden om å produsere meir, og om kapasitetsproblem i eige nett - og om at eksportkablane også kan importere. Eit heilt foredrag vart haldi for å forklare kvifor prisane er så høge, men eg gjekk meg til slutt vill mellom stripete, prikkete og heilstrekte grafar som absolutt ikkje greidde å forklare sluttsummen på straumfakturaen min.

Nokre få snakka om heimeproduksjon i form av eigne solcelleanlegg for å bøte på energimangelen. Vassmagasina er tome pga lite nedbør i Noreg og lite vind i Europa, fekk me høyre - ikkje fordi det hadde vori særs gode prisar, og dermed freistande å tappe litt til...

Det var ein god konferanse, altså - berre så det er sagt - det er berre det med ei enkel sjel...

Men kvifor kan ikkje stat og kommune, som eig vasskrafta, bruke makta si og styre straumprisen? Det SP-styrde finansdepartementet gjev oss attende litt av dei ekstra strauminntektene sine, men skræmer oss med rentetrollet dersom heile ekstrainntekta blir attendeført.

Eg trur kanskje det er eit anna troll som skræmer regjeringa endå meir - nemleg EU. Og dersom dette trollet kjem på dagsorden - sprekk ikkje trollet - men regjeringa.

Det er forresten ikkje det minste rart at SP fell som ein stein for tida. Det er svært sjeldan eg er samd med Trygve Hegnar, men no er eg altså det. Grunnen til Sp-fallet er at nokre av dei viktigaste Sp-sakene i valkampen ikkje er innfridde, hevdar Hegnar i Finansavisen denne veka.

"Grunnen til Sp-fallet er at nokre av dei viktigaste Sp-sakene i valkampen ikkje er innfridde."

Eg må gje han rett. Han siktar til prisen på straum og drivstoff. Innfriing av Sp-saker som landbruksoppgjer og kommuneskilsmål betyr mykje for kjernevelgjarane, men lite for alle dei andre som stemde Sp ved seiste val, skriv han. Saker som galdt straum og dieselprisar derimot, drog folk til Sp-setelen.

Eg vil leggje til at sjølvsagt virka den generelle distriktspolitikken til Sp inn etter åtte høgre-år, men for alle som er knytt til bygg og anlegg, transport og industri rundt om i (små)by og grend, har prisgaloppen på energi vori særs skuffande - og sjølvsagt får regjeringa skulda.

Særleg Sp, fordi partiet vifta veldig tydeleg med dieselpumpepistolen i valkampen. Vasskraft og drivstoff var med andre ord to Sp-saker som fall i god jord i fjor haust. No ser det ut til at partiet har fått vatn i dieseltanken - og då går det trått!

No må Senterpartiet brette opp ermane, og målbera energipolitikken sin. Den store stortingsgruppa må syne musklar, og setje krav til regjeringa som gjer at me kjenner det på pungen!

Det kjennest ikkje rettvist at staten tener store summar på auka energiprisar, utan å fordele meirinntekta til alle som betalar for kalaset. Så i staden for å fylle pengebingen endå litt til, bør regjeringa enten sende pengane attende til oss, eller styre energimarknaden slik at den har kontroll på straumprisen.

Me har meir enn nok med prisauken på alle andre varer og tenester, og kan eigentleg ikkje forstå at full kostnadskompensasjon for straum, skal slå negativt ut for renta.

Men, berre så det er sagt: Eg blir gjerne opplyst, om eg tek feil!

Neste artikkel

Nå trengs det kraftfull styring