Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Slåttetankar

Jammen kjenner eg at det ikkje gjer meg nokon verdas ting å overlata traktorsetet til nestemann!

 Læresveinen: Nei, avleggjarane våre er eg ikkje det minste uroa for! Likevel er det mykje som gjev grunn til bekymring, skriv Aasmund Nordstoga. Foto: Aasmund Nordstoga
Læresveinen: Nei, avleggjarane våre er eg ikkje det minste uroa for! Likevel er det mykje som gjev grunn til bekymring, skriv Aasmund Nordstoga. Foto: Aasmund Nordstoga

Jamn traktordur, klirring i tindar, og med jamne mellomrom lyden av plastfilm som strekkjer seg - omgang på omgang - avløyst av eit dump i det den ferdige rundballen treff bakken. Endeleg er slåtten i gang! Avlinga ser bra ut, og maskiner og reiskap fungerar som dei skal.

Eg sit i skuggen i jordkanten og er arbeidsleiar og traktorinstruktør. I traktoren med riva sit ein djupt konsentrert 15-åring. Dette har han gledd seg til sidan han krabba på golvet og dura med leiketraktor! Fantasi har blitt røynd, leik har blitt alvor. Liten gut har blitt stor. Ikkje vaksen, men stor nok - til øvingskøyring.

Og jammen kjenner eg at det ikkje gjer meg nokon verdas ting å overlata traktorsetet til nestemann! Snarare tvert om. Heilt på sjølvstyr er han ikkje. Me har telefonsamband, men alle timane i "Farming simulator" har gjeve resultat - han har lært litt om korleis han skal leggje opp arbeidet, og litt om korleis den store maskina oppfører seg.

Samhandlinga mellom kropp og maskin har fått ei lita innføring framfor dataskjerm med ratt og pedalar - men kan nok ikkje måle seg med fysikkens lover ute i praksis - der konsekvensane av kraft gonger arm kan bli fatale. No må han kjenne på det sjølv - og alt vil gå veldig fint, så lenge han ikkje utfordrar, men tek det trinnvis med stor respekt for fysikk og maskin.

Det er eit halv år sidan me bytta plass i traktoren. Han tok førarsetet og eg passasjersetet. I starten berre køyrde me, men etter kvart utvida me repertoaret. Kobling og bruk av reiskap har komi etter kvart som behovet har meldt seg. Innprenting av HMS, velte og steilefare. Han er nok mest bekymra for å køyre sundt noko, medan eg er mest redd for at han skal øydeleggje seg. Så langt ser eg ingen teiken som gjev grunn til uro - hjå læresveinen...

"Eg har vori inne på gardsøkonomien tidlegare, og ser enno ikkje heilt for meg korleis rekningane skal betalast."

Nei, avleggjarane våre er eg ikkje det minste uroa for! Likevel er det mykje som gjev grunn til bekymring. Eg har vori inne på gardsøkonomien tidlegare, og ser enno ikkje heilt for meg korleis rekningane skal betalast. Det som skulle bli bonusen vår, stutekalvane som vart sende til slakt for å bli gourmet-kalv, rann ut att av kontoen med det same dei kom inn for å betale hevd. Ikkje blei det så mykje av dei som eg trudde heller, fordi eg bomma på vekta!

Eg som trudde eg hadde lært av fjoråret - og ikkje meldt dei inn før minstemann var over minstemålet - trudde eg. Enten er det eg som ikkje forstår vekt-tabellen, eller så er det tabellen som treng justering. Dei vart for lette omtrent alle saman - men gourmetkalv vart det - i allfall om eg skal døme etter smaken på den som kom i retur! Den var fortreffeleg! Neste år! Då skal eg greie det!

Men det er då forbaska med alt som skal skje neste år! Det er no kostnadene skyt i véret, og det kjennest absolutt ikkje heilt greitt at me som produserar maten må forskottere for forbrukaren for kvar einaste kostnadsauke! Me får ikkje ta kostnadsauken inn med auka pris for produktet - før til neste år!

Ja, ja - eg veit at me fær kompensasjon i september, men då er reservekapitalen tært bort! Det som skulle brukast til å betale slåttekaren er bruka opp på hevd og diesel for lengst. Me må forskottere dobbelt, lenge før kompensasjonen for den fyrste kostnadsauken kjem inn.

Uro for likviditeten er ein ting - noko anna er hendingane rundt oss. Terror og krig er meiningslaust uansett tid og stad, men at nokon skal bli grenselaust hata berre fordi dei elskar ein med same kjønn, er ufatteleg og djupt urovekkjande. Kjærleiken til kvarandre er det finaste me menneske har å by på, og burde ikkje vera til bry for nokon - berre til glede! Og me må då unne alle den gleda! Det bør vera like sjølvsagt å gle seg over kjærleik mellom likekjønna, som mellom jente og gut - kvinne og mann. Tenk berre så ufatteleg vondt det kan gjera å vera ulukkeleg forelska! Kor vondt er det ikkje då om kjærleiken er gjensidig, men ikkje akseptert eller endåtil - livsfarleg?

Eg vedgår at eg syntest flagging med regnbogen kvar dag, heile døgeret i ein månad var i meste laget - men no ser eg at det trengst. Alle må ha rett til å få vera den dei er, og å elske den dei elskar - uansett kjønn. Men ingen har rett til å presse det same over på andre. Det må få gro av seg sjølv - og i sitt eige tempo - utan bekymring for eige liv.

Nett slik som me ynskjer at ungane våre skal få det. Å få vera frie menneske i ei fri verd - med eige førarkort!

Neste artikkel

Sp-ordførernes krav om makspris