Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Kvar blir dei av?

Nei, eg snakkar faktisk ikkje om budsjettmidlar til landbruket – endå det ville vori naturleg for ein Nationen-skribent i desse dagar. Men eg snakkar om dei som skulle bu i huset eg fortalde Nationen-lesaren om for ein månad sidan.

Huset stod ferdig vaska, rydda og klargjort den 20. april. Utleigekontrakta blei signert og levert til kommunen same dag. Sidan har me venta og venta, skriv Aasmund Nordstoga. Bilete frå barnerommet som er klargjort. Foto: Aasmund Nordstoga
Huset stod ferdig vaska, rydda og klargjort den 20. april. Utleigekontrakta blei signert og levert til kommunen same dag. Sidan har me venta og venta, skriv Aasmund Nordstoga. Bilete frå barnerommet som er klargjort. Foto: Aasmund Nordstoga

Det stod ferdig vaska, rydda og klargjort den 20. april. Utleigekontrakta blei signert og levert til kommunen same dag. Sidan har me venta og venta. Me har gravi og spurt også – kjem ikkje flyktningane snart, då?

Svaret er både nedslåande og demotiverande. IMDI (Integrerings og mangfoldsdirektoratet) som heilt øvst på nettsida si slår fast at norske kommunar blir bedne om å busetje 35.000 flyktningar, har ikkje greidd å sende meir enn to familiar (totalt 4 personar) til Vinje!

Innan påska var slutt, hadde kommunen vår klargjort for busetjing av 65 flyktningar – inkludert skule- og barnehageplassar. Svært mange i kommunen heiv seg rundt for trygg og god busetjing med fullgodt skule- og helsetilbod.

Kommunen rigga seg med bustader, utstyr, bemanning og transport. Skuleungar lærde seg den ukrainske nasjonalsongen og teikna det ukrainske flagget. Svært få har fått bruk for mobiliseringa – kva gjer det med motivasjonen?

IMDI og UDI (Utlendingsdirektoratet) sender i staden ukrainske flyktningar til gamle asylmottak. Assosiasjonar til nedlagde høgfjellshotell med utslitne møblar og trekkfulle gamle internatbygg med lukt av myggel, sopp og rote er påtrengjande.

Her blir kvinner og barn samla i hop for å vente i uvisse i vekevis på endeleg bustad, medan direktoratet skal bestemme seg for kvar dei skal busetjast. Eg forstår godt at det er nøye med skikkeleg identifisering og kartlegging av flyktningane, men eg forstår ikkje at staten v/direktoratet ikkje kan ha tillit til at kommunane sjølve veit korleis dette bør riggast?

Det virkar som om byråkratane inne i direktorata meiner dei veit best, og ikkje liter på kommunal kunnskap og erfaring. Frustrasjonen i eigen kommune tyder iallfall på at slik er tilfelle.

I skrivande stund har det komi 15.419 ukrainske flyktningar til Noreg. 9309 har fått sokalla kollektivt vern, medan berre 754 personar er busett i kommunane. Rett nok har IMDI avtala kommunal busetjing for 1909 flyktningar, men det er frykteleg langt att. Og trass at IMDI har auka mannskapet sitt, kjem det omtrent dobbelt så mange flyktningar per dag, som det direktoratet greier å finne kommune til.

"Det virkar som om byråkratane inne i direktorata meiner dei veit best, og ikkje liter på kommunal kunnskap og erfaring."

Flyktningar

Eg har fått opplyst at det kjem om lag 400 flyktningar dagleg.

Kva skjer med traumatiserte ungar når dei vert stua saman i dårlege bygg, utan å vita kvar og når dei skal få ein skikkeleg stad å bu? Er det ikkje om å gjera å få desse ungane ut i ein slags normalitet så fort som råd?

Me som har ungar i skulen, veit kor opptekne både skule og skuleeigar er av trygg skulegang og trygge oppvekstvilkår. Det er tema for kvart einaste foreldremøte og kvar einaste utviklingssamtale. Og dei fleste av oss har tillit til at kommune og skule gjer sitt beste for ungane våre.

Dette gjeld også for flyktningane som skal koma. Kommunane har etter kvart brei og god erfaring med flyktningar og integrering. Dei veit mykje om kva som trengs for å lukkast, og har nok også lært mykje om kva dei ikkje bør gjera. No som me står midt i den største flyktningkrisa i vår tid, må ikkje staten vera proppen i systemet, men tvert om – syne kommunane tillit til at dei veit kva dei gjer, og doble takta på busetjinga.

I valkampen var særleg Sp sterkt kritiske til det norske direktoratveldet. Eg vonar verkeleg den rekordstore stortingsgruppa til Sp vil setje inn trykket og hjelpe til med å løyse proppen i flyktning-busetjinga.

I vår kommune er det nemleg tydeleg frustrasjon over statlege direktorat som opererar tilsynelatande eineveldig. Me likar å tru at me som bur i Vinje bur i ein makalaus kommune, men eg har inntrykk av at i dette tilfellet er me ikkje unike diverre.

Huset vårt er framleis reint og ryddig – eg vonar det kjem nokon som kan rote litt innan sommaren.

Neste artikkel

Kjerkol må redde fastlegeordningen