Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Frøkna på plenen

Oisann! Der var me komne til seiste dagen i juli. Månaden som lovar sol og sommar og dovne dagar.

Blåøygd: Borna ventar at me ordnar opp for dei. Foto: Shutterstock
Blåøygd: Borna ventar at me ordnar opp for dei. Foto: Shutterstock

Denne gongen heldt han jammen lovnaden også. Me har fått velte oss som nøgde selar i passeleg temperert vatn. Både i ferskt og salt, faktisk. Me har balansert på rund og glatt elvestein, kara oss bort til "stupesteinen" og utført ei rad meir eller mindre (helst mindre) elegante stup uti elva.

Me har til og med nytt strandlivet! Eti vassmelon med innslag av knasande sand, blitt solvarme, dovne og badehuga. Og me har gjort det utan å ha vondt i oss for tørr jord og tom brønn. Me fekk både væte og varme av 2021-versjonen av juli, så me kan faktisk ikkje anna enn seia oss nøgde med sommarvéret!

Juli har også bydd på besøk! Mellom anna var me så heldige at me fekk vitjing av ei nydeleg lita frøken med strålande brune auge. Ei lita tulle med solhatt og bleie, som frå sentral plass på plenen undra seg over alt ikring seg.

Det er enno mange år før det er aktuelt med eigne barnebarn, men fleire grandtante- og onkelbarn har det blitt sidan i fjor vår. Og jammen er det triveleg å vera i lag med smårollingar att!

Små menneske med bleie og solhatt tumlande rundt på eit teppe ute på plenen. Undrande til alt ikring seg, og med fullstendig tillit til at ingenting er farleg. Paradis!

Kontrasten blei brutal til flaumbileta frå Tyskland og Belgia. Når fredelege landsbygater blir til strie brune elvar, set det ein støkk i einkvar. Det er altså dette me skal bli vane med? Er dette framtida for frøkna på plenen? Det er det frykteleg vanskeleg å sjå for seg, når ein sit ved ein solvarm vegg og ser utover ei bygd som har fått akkurat nok sol og regn til å kaste av seg føde for både folk og fe for endå ein vinter. Her er fisk i vatnet, bér i skogen, fugl og vilt i skog og hei, og - godt drikkevatn i bekken. Me ser det rett og slett ikkje - det som er varsla. Dermed held me fram som før.

Annonse

Men frøkna på plenen og alle andre smårollingar liter på oss. Dei har full tillit til at me ordnar alt til det beste for dei. Enno veit dei ikkje betre, og enno kan me kanskje leva opp til den grenselause tilliten deira. Men den jobben må me gjera i fellesskap. Me kan ikkje lenger ture fram kvar for oss og berre tenkje på eiga vinning!

Men dette er sanneleg mykje enklare sagt enn gjort! Eg er ikkje det minste betre enn andre. Eg tviheld på bilen min, som eg verkeleg nyt å bruke. Eg har stadig lyst på dingsar og duppedittar, eg kan godt tenkje meg ein lang ferietur, og eg likar veldig godt å sitje lenge på ein god restaurant og stappe i meg både vått og tørt.

Når rekningane hopar seg opp, ynskjer eg meg høgare inntekt, og eg blir mektig sur og frustrert når eg må betale restskatt. Stutt sagt: Eg er verkeleg med på same galeien som eg kritiserer. Derfor treng eg hjelp!

"Eg er med på same galeien som eg kritiserer. Derfor treng eg hjelp!"

Eg treng hjelp av samfunnet rundt meg til å taka kloke og framtidsretta val. Eg treng eit press rett og slett, og eg treng at resten av samfunnet kjenner det same. Saman kan me greie å endre kurs, men aldri om me greier det dersom kvar og ein av oss skal snu enkeltvis! Då finn me nemleg aldri same retningen, er eg redd.

I morgon er det august. Då slepper dei politiske partia laus heile sitt arsenal av blankpussa valprogram og skarpladd argumentasjon på alle oss over 18. Dei har halvannan månad på seg til å overtyde oss om kven me skal røyste på.

Eg vonar me ikkje let oss forføre av lovnad om effektivitet, individuell fridom og mindre skatt, men at me vel oss eit fellesskap som ser den enkelte, som greier å snu oss, og som skaper ei fin framtid for frøkna på plenen.

Neste artikkel

Vi trenger matkjedene til å løfte fram bærekraftige løsninger