Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Eg kan rett og slett ikkje surmule

Me har då bak oss ein makalaus veke!

Vår i lufta: Eit intenst grønskjær spreier seg i låg kveldsol. Det er vår, skriv Aasmund Nordstoga. Foto: Mostphotos
Vår i lufta: Eit intenst grønskjær spreier seg i låg kveldsol. Det er vår, skriv Aasmund Nordstoga. Foto: Mostphotos

Tenk at direktøren for IMDi (som eg har lært er rette skrivemåten) les Nationen! Det er jammen bra, for denne avisa er ein god vérhane på Distrikts-Noreg. Eller temperaturmålar om du vil. Av og til fungerar den også som vérvarslar.

Her kan Rieber-Mohn og alle andre statsbyråkratar få nokså gode og presise skildringar av stoda for oss som bur og arbeider i det sokalla distriktet. Her luftar me våre frustrasjonar og her skildrar me våre gleder. Her målber me våre utfordringar, og her skryter me av eventuelle suksessar. Eg er godt nøgd med at Libe Rieber-Mohn har lesi mi målbering av kommunal frustrasjon over tempoet i flyktninge-busetjinga.

"Svaret hennar demonstrerar samstundes det som var noko av mitt poeng, at IMDi ikkje har full tillit til at kommunane kan gjenomføre individuell tilpassing."

Svaret hennar demonstrerar samstundes det som var noko av mitt poeng, at Integrerings- og mangfoldsdirektoratet (IMDi) ikkje har full tillit til at kommunane kan gjenomføre individuell tilpassing. Det vil IMDi gjera før flyktingane blir tildelt kommune. Men ein kan vel ikkje vente at ein kommune som har markert seg med vellukka flyktning-integrering i minst 20 år, har greie på individuell tilpassing? Nok om det, no er frustrasjonen lufta, og rette vedkomande har fått den servert, reagert og kommentert.

Men altså, eg kan rett og slett ikkje sitje å surmule - me har då bak oss ein makalaus veke!

For det fyrste slapp me brot i landbrukstingingane. Det var ikkje berre bondelagsleiar og landbruksminister som vart letta. Eg, og mange fleire med meg, har vori bekymra for kva eit brot ville få å seie for bondevelviljen blant folk flest. Den velviljen og forståinga for landbruket som me har sett etter pandemi og krigsutbrot, ville nok dampa bort om bøndene hadde broti forhandlingane med staten.

Sidan statens tilbod var historisk høgt, ville bøndene av mange bli oppfatta som griske dersom dei hadde broti. Landbrukskontoen min demonstrerer til fulle at me ikkje er i mål - men eg trur likevel det er ei veldig god investering for omdømet vårt at me går inn på ei avtale.

Og så var det 17. mai!

Ikkje berre var véret fantastisk - men endeleg fekk me feire dagen skikkeleg! Etter to sterkt amputerte grunnlovsfeiringar gjorde det veldig godt å feire dagen vår som før. Her i bygda arrangerer me felles frukost i grendehuset. Kl 9 var det diska opp med eggerøre, laks, cabaret (ja, aspik-retten finst framleis!), spekemat og ei mengde salatar. Heimebaka brød og rundstykke og rikeleg med skikkeleg smør! Alt på dugnad sjølvsagt - og over 100 bygdefolk kom! Gode og mette og ikkje minst i høgtideleg godlag, stemde flokken ut til potetløp, hesteskokasting og is-eting - som ei slags oppvarming til den største fysiske utskeiinga for dagen. Nemleg toget!

Me har ikkje korps, så her må det syngjast! Noko slutta orden er det ikkje snakk om, men me går iallfall så nokonlunde i takt den godt og vel halve kilometeren frå grendehuset til kyrkja. Då er stemma i overkant oppvermt, medan skrotten takkar heilt greitt ja til ei kvild på harde kyrkjebenkar.

Etter messe tek vinbyggjande det roleg. I allfall mange av oss. Det offisielle programmet i grenda er over. For dei mest ihuga går det an å taka turen til kommunesenteret for å feire meir med korps og tog, men mange er godt forsynt med denslags, og nyt heller dei nære ting. Slik som grillfest hjå grannen for eksempel!

"Me heve 120 låmb!"

Eg hadde mest gløymt at eg spurde, og trudde karen - som er godt under skulealder - vart så brydd over å bli spurd, at han sprang avgarde for å unngå vidare konversasjon med den nyfikne grannen sin. Me var på grillfest. Men den vesle karen frå grannegarden unngjekk slett ikkje spørsmålet - han måtte berre finne nokon som hadde greie på svaret! Derfor sprang han avgarde - og attende kom han - og servera kunnskapen karskleg slik i forbifarten på veg mot fatet med pylse i lompe: "Me heve 120 låmb!"

Då kjende eg for alvor at våren er komen! Sola vermde, landbrukstingingane var over, ein svak eim av husdyrgjødsel nådde nasen på veg over jordet til triveleg grannelag der grillen etter kvart overtok som luktspreiar, medan ein svært kjærkomen lyd spreier seg ut over grenda vår: lam som ropar på mor.

Eit intenst grønskjær spreier seg i låg kveldsol. Det er vår.

Har du noe på hjertet?

Neste artikkel

Riktig diagnose, ingen medisin?