Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Det lettar!

Pandemien er i ferd med å sleppe taket, og me kan sakte reise oss og få eit vidare utsyn.

Samla: Ikkje sidan i mars 2020 har me samla oss til felles middag på grendehuset, men pandemien er i ferd med å sleppe taket, og me kan sakte reise oss og få eit vidare utsyn, skriv Aasmund Nordstoga. Her frå 10-års jubileet til Måndagmiddagen etter å ha servert 350 middager. Foto: Anders Sandvik / Liv i Vinje
Samla: Ikkje sidan i mars 2020 har me samla oss til felles middag på grendehuset, men pandemien er i ferd med å sleppe taket, og me kan sakte reise oss og få eit vidare utsyn, skriv Aasmund Nordstoga. Her frå 10-års jubileet til Måndagmiddagen etter å ha servert 350 middager. Foto: Anders Sandvik / Liv i Vinje

Det er berre tre minutt å gå. Eg gler meg, og stegar over vegen og inn på den avlange parkeringsplassen. Der står det fleire kjende bilar, men ein heilt ny EL-bil finn seg plass. Eg må senke farten, må vita kven det er! Eg prøvar å ikkje sjå nyfiken ut, men greier det heilt sikkert ikkje då sjåføren stig ut og avslører seg. Eg kjenner henne. Eg spør om ho har handla ny bil, endå det er heilt innlysande.

"Jau då, den er ny, men me har no hatt den ei stund – måtte ha hengarfeste, veit du! Elles var no E-Golfen heilt topp den!"

El-bil nummer to altså.

I grenda vår er det nokså mange som har konvertert til El-bil, og ingen har angra så vidt eg kjenner til. Rimeleg "drivstoff", bra nok rekkjevidde, ingen vinterproblem, mindre dekkslitasje, mindre vedlikehald – dei sparer pengar – og ikkje minst – dei har godt utsleppsamvit! Tenk det – langt, langt borte frå sentrale strok!

Me går i lag ned til matsalen i kjellaren. Ho svingar inn til eit ærend på kjøkenet, eg går i retning stemmesurret inne i salen. Eg kjenner det er ei stund sidan mat, og middagshugen blir ikkje mindre av den gode eimen som møter meg i gangen.

Her er stort sett berre kjende fjes. Den yngste er 3 månader gamal, den eldste er godt over 80. Surret blir avbrote av at nokon klappar i hendene for å få merksemd. Middagssuget i magen må vente endå litt. Leiaren for "Liv i Vinje" ynskjer velkomen, og har faktisk ein god del på hjartet. For det er ei svært god stund sidan me gjorde dette, sambygdingane og eg. Ho må berre halde på, for det er så godt å endeleg få møtast til måndagsmiddag att!

Ikkje sidan i mars 2020 har me samla oss til felles middag på grendehuset!

Annonse

Det er sjølvsagt pandemien som sette ein stoppar for tiltaket som har samla grenda til felles middag i 11 år. Det er altså 12 år sidan serveringa starta som ein del av eit bygdeutviklingsprosjekt. Måndagsmiddagen er dugnadsbasert. Fem dugnadslag delar på arbeidet. Dei rullerar, slik at kvar femte veke handlar dei inn, lagar til, og ryddar opp. Me som kjem for å eta, betalar enten familiepris på kr 150,- eller kr 75,- for ein enkeltperson.

Sjølvsagt er ikkje alt som før. Det er lang avstand mellom stolane, handsprit og namneliste ved inngangen. Men folka er som før! Praten går lett, og me får forsynt oss meir enn ei gong!

Når me har eti oss gode og mette, og kaffikoppen får selskap av ein sjokoladekjeks, kjem ein av nykomarane i bygda bort til meg og to andre karar. Ho lurar på korleis det står til med kne og rygg? Me ser på kvarandre, den eine gråare enn den hin – og må vedgå at her er litt slitasje både her og der – men kva gjeld det?

Jau, om me kunne hjelpe til med å bera inn ei grafisk presse som ho har i varebilen sin? Me vinbyggjar er ikkje av dei som slår til med det same, men etter litt skeptisk drøfting – særleg om kne og rygg(!)- avtalar me å møtast dagen etter væpna med stroppar, traktor og pallegaffel.

Måndagsmiddagen er altså ikkje berre eit tiltak for mathugen, men aller mest eit sosialt samlingspunkt for bygdefolket! Terskelen for å koma i snakk og til og med be om ei teneste vert låg, når ein er samla til triveleg samvær over eit godt måltid.

Pandemien er i ferd med å sleppe taket, og me kan sakte reise oss og få eit vidare utsyn. Måndagsmiddagen er altså i gang att, i lag med fleire andre ting som kjennest lettare.

Her i huset byrjar me så smått å snakke om teaterframsyningar me har lyst til å sjå – eller å koste på oss eit etterlengta restaurantbesøk! Etterspurnad etter song og underhalding er i ferd med å taka seg opp, konferansearrangørar har slutta å utsetje og avlyse, og planane i eige hovud for ymse slag kulturaktivitet har så smått byrja å lea seg.

Og når valresultatet gjev von om snuoperasjon for distrikt og landbruk, blir ein lettare til sinns med ei forsiktig tru på betre tider! For det er DET som trengst! Då tek ein fjosvask og anna lortearbeid med glede, for då gjev det brått meining. Eller som sonen min sa her om dagen då han drøymde om crossar: "Det er ikkje sikkert at eg får råd eller at eg får lov, men eg blir glad av å glede meg til det!" Ein må rett og slett ha noko å gle seg til!

Som det å eta middag i lag med grannane på grendehuset, til dømes!

Har du noe på hjertet?

Neste artikkel

Landbrukets klimaregning