Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Møt dei nye #Motkultur-skribentane

Her er Nationens nye skribentar.

Aasmund Nordstoga

Nationen lanserer den nye debattarenaen #Motkultur, og har fått ti, nye skribentar med på laget.

Fatima Almanea

Fatima Almanea. Foto: Håvard Zeiner

Fatima Almanea er jusstudent og politikar for Arbeidarpartiet. Almanea er frå Verdal i Trøndelag. Ho har eit stekt engasjement for dei perifere tankane og eit ønske om å løfte bygdas råe stemmer i debatten.

Hilde Bjørkhaug

Hilde Bjørkhaug. Foto: Hilde Lysengen Havro

Hilde Bjørkhaug (46) forskar på korleis landbrukssektoren utviklar seg i takt med nasjonale og internasjonale politiske rammevilkår, miljø og klimautfordringar, og nye krav i marknaden. Makt, motivasjon og meining er stikkord i dette arbeidet. Bjørkhaug har spesialisert seg i landbruks- og matsosiologi og er tilsett som førsteamanuensis i sosiologi ved ISS; NTNU og seniorforskar ved Ruralis.

Knut Aastad Bråten

Knut Aastad Bråten. Foto: Siri Juell Rasmussen

Knut Aastad Bråten (42) er redaktør i Syn og Segn, reisebokforfattar og folkemusikar. Han spelar langeleik, og har seks individuelle sigrar frå Landskappleiken. I 2006 fekk han Kongepokalen for spelet sitt. Han er folkevald i Nord-Aurdal kommunestyre (V). Bråten er oppteken av lokalpolitikk, kultur i vid forstand og landbruk.

Ole-Jacob Christensen

Ole-Jacob Christensen. Foto: Hilde Lysengen Havro

Ole-Jacob Christensen (58) er økobonde på eit småbruk i Vestre Slidre i Oppland. Han er aktiv i Miljøpartiet Dei Grøne i Oppland, og har tidlegare vore med i styret i Norsk Bonde- og Småbrukarlag og i organisasjonens internasjonale utval.

Marianne Dolpen

Marianne Dolpen. Foto: Mariann Tvete
Annonse

Marianne Dolpen (46) er sauebonde, og har drive slektsgarden på Innset i Rennebu i Trøndelag i snart 16 år. Der bur ho med fire hundar, og dyrkar interessa for foto og skriving. Draumen er å skrive romanar, men først blir det diktbok. Dolpen er ei markant stemme i sosiale medium.

Aasmund Nordstoga

Aasmund Nordstoga. Foto: Siri Juell Rasmussen

Aasmund Nordstoga (54) er musikar og mjølkebonde i Vinje i Telemark. Nordstoga har mellom anna gitt ut plata "Guten" med tekstar av Aasmund Olavsson Vinje.

Torill Olsen

Torill Olsen. Foto: Mariann Tvete

Torill Olsen (55) er frå Finnmark. Ho er skribent, kommunikasjonsrådgivar og nestleiar i ForFinnmark. Olsen er ikkje partipolitisk, men er ein aktiv samfunnsdebattant med hjarte for Distrikts-Noreg.

Audun Skjervøy

Audun Skjervøy. Foto Siri Juell Rasmussen

Audun Skjervøy (58) er språksmed og bonde. Voks opp i Trondheim; studerte kulturfag ved Universitetet i Bergen, jobba som journalist, redaksjonssekretær og redaktør i Dag og Tid i Oslo. Skjervøy dyrkar språk, jordbær, poteter og grønsaker i Valldal. Han er tredje vara til styret i Noregs Bondelag.

Inger Johanne Sæterbakk

Inger Johanne Sæterbakk. Foto: Siri Juell Rasmussen

Inger Johanne Sæterbakk (37), frå Orkanger, bur i Oslo. Skribent og forfattar. Forsøker å ha eit skråblikk på verda nedanfrå. Spesielt opptatt av målpolitikk og matpolitikk.

Bjarne Undheim

Bjarne Undheim. Foto: Bjarne Bekkeheien Aase

Bjarne Undheim (67) er bonde og sit i kommunestyret for Sp i Time i Rogaland. Undheim er oppteken av samfunnsutviklinga, særleg for Bygde-Noreg og landbruket, og trivst godt med eit skråblikk på dei fleste saker. Han har vore leiar i Noregs Bondelag.

Neste artikkel

Felleskjøpet har problemer med å levere fôr