Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Nils Ragnar Standal til minne

Professor emeritus Nils Ragnar Standal døydde 7. desember, nær 89 år gamal.

Pioner: Nils Ragnas Standal var ein pioner innan avlsforskninga på svin. Foto: Privat
Pioner: Nils Ragnas Standal var ein pioner innan avlsforskninga på svin. Foto: Privat

Nils vaks opp på Store-Standal i Hjørundfjord. I 1953 kom han til Ås der han studerte husdyrbruk på NLH (no Norges miljø- og biovitenskaplege universitet) 1956-1959.

Heile hans yrkeskarriere har vore tilknytta NLH. Først som vitskapleg assistent, så førsteamanuensis og frå 1987 professor i husdyravl. Han hadde Kellogg-stipend til University of Wisconsin 1963-64, og i 1977 vart han tildelt dr.agric. graden for avhandlinga «Studies on selection schemes in pigs».

Nils var ein pioner innan avlsforskninga på svin. Han bidrog sterkt i arbeidet med å ta i bruk nye verktøy som ultralyd og datatomograf i svineavlen. I 2000 fekk han Helge Bekkedals ærespris for arbeidet sitt for norsk husdyravl.

Nils hadde mange internasjonale oppdrag. I 1986-88 arbeidde han i FAO, Roma, som svineekspert. Det inkluderte arbeid i mange land, mellom anna Vest-Afrika, Vietnam, Kina og Thailand. Tilbake på NLH fekk han ansvar for småfeforskninga og bidrog sterkt til forskninga på biokjemiske markørar i avlsarbeidet.

Annonse

Ein periode føreles han i husdyravl på masterutdanninga i Morogoro, Tanzania.

Nils var instituttleiar, medlem av mange faglege utval på NLH og i Forskningsrådet.

Nils sat to periodar i kommunestyret i Ås og med sitt breie engasjement skreiv han mange innlegg i aviser og fagblad.

Nils pensjonerte seg i 1997. Til tross for helseplager har han hatt ei god pensjonisttid med hus og hage, der han og hans kjære Ingebjørg dyrka grønsaker, frukt og bær. Dei siste åra har dei budd i leilighet i Ås sentrum.

Nils etterlet seg kona Ingebjørg, 4 barn, svigerbarn, 8 barnebarn og eitt oldebarn.

VI har mista ein god kollega og ven som har betydd mykje for mange. Vi lyser fred over Nils Standal sitt minne.

Neste artikkel

Yara må ta jorda på alvor