Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Arne Oddvar Skjelvåg til minne

Professor dr.agric. Arne Oddvar Skjelvåg døydde laurdag 19. juni, 82 år gamal.

 Professor: Arne Oddvar Skjelvåg ble i professor i plantekultur i 1988. Foto: Privat
Professor: Arne Oddvar Skjelvåg ble i professor i plantekultur i 1988. Foto: Privat

Arne Oddvar blei fødd på Inderøy i Nord-Trøndelag og tok artium på Eid landsgymnas i 1961. Etter militærtenesta studerte han jord- og plantedyrking på Norges landbrukshøgskole, der han tok sivilagronomeksamen i 1966, lisensiatgraden i 1972, doktorgraden i 1981 og i 1988 blei professor i plantekultur, ei stilling han hadde til fylte 70 år i 2009.

Oppveksten på heimgarden på Inderøy lærte han at klimaet ofte var mindre gunstig enn då Vinje prisa Inderøyas «fagre fjord og bygder». Skulle vekstane yte, måtte dei vera tilpassa og tole vekslande vilkår. Avkastingsfysiologi blei retninga i forskinga hans: korleis omset planter i åker, eng eller veksthus lysenergi til biomasse og produkt? Å forstå så komplekse prosessar krev mykje data og statistiske modellar. I doktoravhandlinga analyserte han korleis klima og jordsmonn bestemte vekst og avling i åkerbønne, frå gunstig kyst til ugunstig innland i Aust-Agder.

Den veksten som mange i dag vil dyrke som norsk planteprotein, var ofte lite tilpassa! Med «den grøne bylgja» på 1970-talet blei engvekstene gras og kløver hans hovudområde. Der må avlingsmengda alltid balansere vekstavslutting og vinteroverleving. Frå 1980-talet brukte han òg plantevekstmodellane på korndata, og synte at norske kornavlingar heldt på å stagnere. Han gjorde òg ein stor innsats i å fornye undervisinga i plantedyrking.

Frå 1990-talet blei plantefysiologien i stigande grad molekylært vinkla, og samfunnet sine prioriteringar lite interessert i avlingsmengd. Men Arne Oddvar visste at klima og plantevekstmodellar ikkje var blitt uviktig. Med klimaendringane kom dei igjen på dagsorden.

I åra før han gjekk av og som pensjonist leverte vesentlege bidrag m.a. til modellering av verknader av klimaendring på europeisk landbruk, og av planteproduksjon og reduserte klimagassutslepp på gardar med husdyr. Dei siste går no inn i norske klimarekneskap. På mange måtar er Arne Oddvars modellbygging først no blitt mogleg, gjennom store data frå satellittar og dronar og statistiske verktøy som kan handtere dei.

Arne Oddvar var myndig som fagmann, men mild i form. Han var instituttleiar i to periodar og kunne bygge bruer over faglege spenningar og stridar. Han hadde vide samfunnsinteresser og tok ansvar på mange område..

Frå 2013 og fram til han døydde var han nestleiar i Vitenparkens Venner. I denne rolla var han prosjektleiar for det vitskapshistoriske arbeidet på NMBU. I desse åtte åra gjorde han ein stor innsats med å dokumentere den store og mangslungne vitskapshistoriske innsatsen på universitet og på Campus Ås frå 1859 og fram til våre dagar.

Arne Oddvar var vidare i ei årrekke styreleiar i Ås boligbyggelag, president i Ås Rotary og leiar av Ås mållag.

Arne Oddvar Skjelvåg gjorde ein stor innsats for norsk landbruksforsking og -utdanning og i frivillig samfunnsvirke, og vi takkar for hans fredsæle minne.

Har du noe på hjertet?

Neste artikkel

I nasjonen og verdens tjeneste