Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Mellom knarken og Vedum

Trygve Slagsvold Vedum har sagt kontant nei til rusreforma. Slik sett han Senterpartiet på sidelinja i ein konstruktiv debatt om norsk narkotikapolitikk.

Gamalt nytt: Trygve Slagsvold Vedum og Jan Bøhler sin politikk har vist seg å ikkje vere god. Foto: Berit Roald / NTB
Gamalt nytt: Trygve Slagsvold Vedum og Jan Bøhler sin politikk har vist seg å ikkje vere god. Foto: Berit Roald / NTB

«En av de farligste formene for bruk av narkotika er den politiske.» Denne spissformuleringa innleier boka Den gode fiende av den norske kriminologen Niels Christie og den finske sosiologen og rusforskaren Kettil Bruun. Det er 35 år sidan boka kom ut, og ho var eit banebrytande innlegg i debatten om krigen mot narkotika og om den ruspolitikken som blei ført i Noreg – og i Vesten.

Da helseminister Bent Høie på vegner av regjeringa la fram rusreforma for vel ein månad sidan, var senterpartileiar Trygve Slagsvold Vedum saman med Jan Bøhler – den nye, urbane våpendragaren sin – kjapt ute med å kontant avvise reforma. Dei reagerte sterkt på at «regjeringen nå vil gjøre det risikofritt og uten straffansvar å bruke narkotika», og meinte at reforma «er en gavepakke til gjengene».

Ved å forvrenge innhaldet i reforma på denne måten, og gjennom fleire debattar teikne gamle skremselsbilete knytte til narkotika, overdrive konsekvensane av reforma og nærast framstille henne som ei legaliseringsreform – noko ho slett ikkje er – har dei stilt seg sjølve på sidelinja i ein viktig debatt.

Det er som om tida skulle ha stått stille sidan 1985. Det er vanskeleg å sjå for seg ei betre stadfesting av spissformuleringa til Christie og Bruun enn dette.

Da Den gode fiende kom ut i 1985, hadde politikarane i 20 år prøvd å kjempe mot ein stadig aukande narkotikabruk og eit veksande narkotikaproblem i samfunnet med strengare straffer og hardare restriksjonar. Er det ikkje på tide, spurde dei, å sjå på problemet med andre auge og drøfte alternative konkrete tiltak overfor narkotika? Dei peikte på avkriminalisering av tyngre narkotiske stoff og legalisering av lettare stoff som cannabis som ein veg ut av uføret, men dei understreka samtidig at det aldri skal vere greitt å røyke cannabis. Det er ikkje OK, alt som ikkje er ulovleg, understreka dei.

Da tredjeutgåva av boka kom ut i 2003, slo Niels Christie fast i eit nytt kapittel at enda eit par tiår med strengare straffer og sterkare restriksjonar berre hadde ført til at vesentleg fleire brukte dei forbodne stoffa, at fleire blei skadde, at fleire døydde, at fleire blei arresterte og fleire blei fengsla. Har det endra seg til det betre sidan 2003?

Annonse

I nær seksti år har samfunnet ført krigen mot narkotika på den same måten: stigmatisering og straff, fordømming og forvising, utskjelling og utfrysing. Da regjeringa i vår la fram forslag til ei rusreform på vegner av regjeringa, var det ei så overmoden frukt at ho var i ferd med å falle av treet av seg sjølv.

"I nær seksti år har samfunnet ført krigen mot narkotika med stigmatisering og straff, fordømming og forvising, utskjelling og utfrysing."

Til og med Senterpartiet sa i programmet sitt frå 2017 at norsk narkotikapolitikk ikkje har nådd måla sine. «Samfunnet har i for stor grad sett på narkomane som kriminelle, som først og fremst er blitt møtt med straff. Senterpartiet vil jobbe for økt bruk av reaksjoner som har til hensikt å hjelpe mennesker ut av begynnende narkotikaproblemer, og reaksjoner som sikrer alle tyngre brukere oppfølging og helsehjelp.»

Slik sett skulle ein tru at Senterpartiet ville ha alt å vinne på å gå i konstruktiv dialog med regjeringa om rusreforma, og samtidig ha full støtte i sitt eige program. I staden har Vedum og Bøhler snudd på hælane, kasta blikket tilbake i fortida og begynt å rasle med gamle våpen som, i krigen mot narkotikaen, så altfor tydeleg har vist at dei bommar på målet. Dei treffer nok dei mest fordomsfulle instinkta hos bygdedyret – og kanskje har det vore meininga.

Rusproblematikk i Bygde–Noreg løyser vi ikkje ved å måle narkofanden på veggen og gi inntrykk av at ungdom i hopetal står klare til å prøve narkotika dersom rusreforma blir gjennomført – sjølv om det å dele narkotika med andre kjem til å vere akkurat like straffbart som det var før rusreforma. Samtidig veit vi at det største rusproblemet på bygda er – og har i tiår etter tiår vore – bruk av alkohol både blant unge og vaksne.

Gjengproblematikken i Oslo løyser vi definitivt ikkje ved å føre vidare ein politikk med strenge narkotikastraffer – som no i snart 60 år har vist seg å ikkje verke, og som jamvel truleg har bidratt til at gjengkulturen har fått utvikle seg.

Målet må vere eit samfunn med mindre rus. Det målet når vi ikkje ved å setje fleire i fengsel. Erfaringa som viser det, er blytung.

Neste artikkel

Nå trenger vi blomster og planter