Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Litt vårt, men mest kjedene sitt

Når bøndene og staten møtest til forhandlingar, sit det ein tredjepart i naborommet og gliser. Det er han som sit på den store pengesekken.

Berre romantikk? Kenneth, Hege Elin, Liv Marit og Vegard vaks opp før kjedene tok over grønnsakmarknaden. Foto: Einar Magne Waldal
Berre romantikk? Kenneth, Hege Elin, Liv Marit og Vegard vaks opp før kjedene tok over grønnsakmarknaden. Foto: Einar Magne Waldal

Sjå på biletet over: Ein seinsommardag i Valldal i andre halvdelen av 70-åra. Blomkålen har fått vekse seg stor og haustemoden. Bøndene hausta og skar blomkål, det lokale mottaket til Gartnerhallen stod klar til å ta imot både blomkål og andre grønsaker frå mange bruk her. Bøndene fekk ofte gode oppgjersprisar for det dei dyrka, så dei såg monn i alt det manuelle arbeidet som skulle til for å få fram ei avling. Dyrkinga var eit familieprosjekt.

Kenneth, Hege Elin, Liv Marit og Vegard var granneungar som voks opp i eit landbruksmiljø med dyr i alle fjøsa, med aktivitet på alle jordene – med eit allsidig landbruk som kunne forsyne omlandet med alt frå frukt, bær og grønsaker til kjøt og mjølk.

Dette var lenge før seige, næringsfattige og tungt fordøyelege landbruksbyråkratord som «kanaliseringspolitikk» og «vertikal integrasjon» invaderte landbrukspolitikken, det var før kjedemakta voks seg stor og uregjerleg, før marknadsprisane pressa marginar og arbeidsdagar langt utover det forsvarlege og direktørar og eigarar fekk grenselause magemål, før Sylvi Listhaug fekk gjennomføre den destruktive «oppryddinga og forenklinga» si gjennom eit par år i stolen som landbruksminister.

Er det berre bonderomantikk å ønskje at vi skal finne tilbake til noko av det «gamle» i landbruket – eit landbruk der produksjonen på gardane er meir allsidig og ressursøkonomisk?

Vi har drive garden vår i 17 år. Berre på denne tida har vi merka store endringar både med tanke på økonomi og høve til å omsetje det vi produserer. Valldal har hatt det største produsentmiljøet i landet for jordbær til industrien – til dei som foredlar bæra vidare til syltetøy, til jordbæris, til saft og slikt. I dag er det knapt mogleg å drive denne produksjonen med overskot – vi finansierer han med å selje stadig meir bær til konsummarknaden.

For 17 år sidan kunne vi pakke femkilossekker med poteter på garden og selje gjennom grossist til ein ålreit kilopris – ikkje høg, men høg nok til at det var verdt arbeidet. Så kom det krav om at vi skulle pakke i firekilos First Price-posar, til litt lågare pris, naturlegvis. Det vart sjølvsagt slutt med det også, for alle potetene skulle gå gjennom det regionale pakkeriet. Dit sende vi 1000-kiloskasser med sorterte poteter.

Da vi fekk oppgjer og rekna ut ein kilospris på 1,98 for det vi sende frå oss, slutta vi. Det var verkeleg ikkje verdt arbeidet. Vi måtte satse på direktesal til ein lokal marknad. Men når potetene blir selde for over 20 kroner kiloen i butikkane, må jo pengane forsvinne ein stad.

Annonse

"Da vi fekk oppgjer og rekna ut ein kilospris på 1,98 for det vi sende frå oss, slutta vi."

Å prøve å selje grønsakene vi produserer, gjennom eit grossistledd, er ikkje tenkjeleg som eit eventyr eingong. Gartnerhallen, der vi er medlemmer, styrer grønsaksproduksjonen gjennom produsentavtaler og eksklusive avtalar med Bama. Slik er grønsaksproduksjonen nærast monopolisert gjennom nokre få grossistaktørar. Småbrukarar som vi er i denne samanhengen, treng ikkje prøve å banke på døra. Vi må satse på direktesal gjennom Reko-ringar.

Det harde presset frå kjedene mot produsentane blir tydeleg illustrert av dei potetpakkeriplanane Coop har Gardermoen. Dersom dei blir gjennomførte, kan dei bli eit alvorleg slag mot potetproduksjonen utover i landet. Dette handlar ikkje berre om å styre produksjonen frå distrikta til det sentrale Austlandet, men også om å svinebinde produsentane til avtaler som Coop kan profittere på og produsentane tape på.

Dei potetene pakkeriet sorterer ut av kvalitetsgrunnar, og som blir kalla avreins, blir ikkje kasta – dei blir vidareforedla til andre produkt.

Ved dei sentraliserte anlegga byggjer kjedene foredlingsanlegget vegg i vegg med pakkeriet, og dei sender dei utsorterte potetene vidare til foredlingsanlegget. Bøndene får ikkje betalt for det som blir sortert ut, vidareforedlingsanlegget får gratis råvare. Er det nokon som er i tvil om kven som vil tene på dette – bonden eller kjeda?

«Litt ditt», seier Coop. Kanskje det, svarer eg, men «mest deira».

Dette er den harde røyndommen bønder står overfor innanfor mange produksjonar. Mange av oss ønskjer eit landbruk der bøndene er noko meir enn reine slavar for marknaden og låneinstitusjonane, der vi kan vinne tilbake meir kontroll over eigen kvardag, produksjon og økonomi. Gode landbruksoppgjer er viktige. Men politikarar som tør å ta tak i kjedemakta og profittjaget innanfor daglegvarehandelen, er heilt avgjerande.

Neste artikkel

Gjerding til alles beste