Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Ein siger for nynorskelevane

Det er all grunn til å gle seg over framlegget til ny opplæringslov.

Ny opplæringslov kan vera med på å hindra at elevar nærast blir tvungne til eit språkskifte frå nynorsk til bokmål. Foto: Martin Jacob Kristoffersen
Ny opplæringslov kan vera med på å hindra at elevar nærast blir tvungne til eit språkskifte frå nynorsk til bokmål. Foto: Martin Jacob Kristoffersen

Kunnskapsminister og Venstre-leiar Guri Melby har ikkje møtt mykje godord i denne avisa i seinare tid. Nationen er svært ofte usamd i regjeringa sin politikk, òg politikken frå Venstre.

I dag gjer me eit unntak. Som del av den nye opplæringslova, innfører kunnskapsminister Melby språkdelt ungdomsskule. Det vil sikra at nynorskelevar som er busett i språkdelte område får undervising på nynorsk i eigen klasse på ungdomsskulen.

Dette vil vera med på å hindra at elevar nærast blir tvungne til eit språkskifte frå nynorsk til bokmål. No får dei rett til opplæring på eige språk ut heile grunnskulen.

I dag blir elevane som har hatt undervising på nynorsk i barneskulen gjerne spreidd på ulike klasser når dei startar i ungdomsskulen. Dei endar dermed som språklege minoritetar, og mange skifter til bokmålsundervising. Retten til å få gå i eigen nynorskklasse er særleg viktig i randsonene, der nynorsk og bokmål møtest.

Når nynorskelevane får undervising på nynorsk ikkje berre i norsktimen, men og i dei andre faga, aukar det målforma si status. Slik byggjer ein opp ungdommane sin språklege tryggleik.

Det er grunn til å gratulere Noregs Mållag, som no har fått gjennomslag for ei viktig sak dei har stridd for i mange år. Dei meiner dette grepet er den største sigeren for nynorskelevane på nesten femti år.

Annonse

Alt i 2016 bad eit samla Storting regjeringa greie ut ei slik endring i opplæringslova, men tiltaket vart ikkje ein del av 2020-budsjettet.

Peder Lofnes Hauge, leiar i Noregs Mållag, gler seg over at Guri Melby styrkar kåra for nynorskelevane. Han meiner likevel regjeringa undervurderer bokmålskrafta i den digitale skulekvardagen. Her må politikarane gjera meir.

Skal Noreg framleis vera eit tospråkleg samfunn, er skulen ein særleg viktig arena. Grepa ein tar her, politikken ein fører, er avgjerande for å halde oppe og dyrke begge målføre.

Med stadig sterkare digitalisering av skulekvardagen, har nynorskforeldre dei siste åra uroa seg over mangel på digitale læremiddel og verktøy på nynorsk. Det er ikkje haldbart at nynorskelevar må lære seg å skrive i dataprogram som gir dei raude strekar under ord som dei faktisk skriv rett.

Regjeringa har sagt dei vil gjere noko med mangelen på skriveprogram som støttar nynorsk, men tek i framlegget til den nye opplæringslova eit atterhald om at dette berre skal gjelde “så langt som råd”.

Det held ikkje, dersom ein skal anerkjenna nynorsk og bokmål som likestilte. "Vi må våge å stille dei krava som trengst for at dei store multinasjonale selskapa skal levere eit produkt på nynorsk", seier Peder Lofnes Hauge.

Nynorskelevane må få fleire læremiddel og læringsverktøy å velje mellom. Ein viktig siger er vunnen, men kampen er på ingen måte over.

Neste artikkel

En ny kurs for Norge