Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Bra straum-forslag frå Bastholm

MDG fortener ros for å peike på norske gardsbruk som energiprodusent. Solceller er desentral smart ny energi.

Effektiv: MDG sin solkraftsatsing er ressurseffektiv og desentral kraftpolitikk. Foto: Ole Berg-Rusten / NTB
Effektiv: MDG sin solkraftsatsing er ressurseffektiv og desentral kraftpolitikk. Foto: Ole Berg-Rusten / NTB

Straumprisane er altfor høge. Kraftproduksjonen i landet er for låg. Parallelt med at landet tar attende kontroll med marknaden, treng me å få fram mykje ny kraft inn på nettet.

Den avtroppende partileiaren for Miljøpartiet Dei Grøne, Une Aina Bastholm, peiker på den energiressursen som skin unytta ned på hundretusener av norske gardsbygg.

"Det er ein fantastisk moglegheit til å produsere gratis straum på eigen eigedom, på eit areal som likevel står ubrukt. Med solceller på låvetaket melder ein seg på i energidugnaden, og bidreg til lågare straumpris for alle andre", seier Bastholm til nationen.no.

Det kostar. Mange hundretusener av kroner må til for å få panel opp på taket og kopla til eigen sikringsboks - og straumnettet.

Miljøpartiet kjem til Stortinget med forslag om at staten skal ta minst halvparten av rekninga for nye solcelleanlegg. På sikt trur ho investeringa vil trygge yrket:

Annonse

– Å gje betre stønadsordningar til matprodusentane som kjenner energikrisa og klimakrisa på kroppen, er viktig. Bønder må ha føreseieleg tilgang til straum om dei skal halde fram med å gjere den viktige jobben dei gjer med å forsyne oss med mat.

I sumar vitja Nationen Marthe Bogstad, som har brukt 540.000 kroner på 155 solcellepanel. Med straumpris som i dag går anlegget i pluss om berre tre år. Om dei går ned, tek det monaleg meir tid. Grønt lån frå Landkreditt gjorde at Bogstad tok risikoen.

Landbruks- og matminister Sandra Borch styrka ordninga for tilskot til fornybar enegi gjennom Innovasjon Norge med 50 millioner, til 162 millionar. Det er langt fra nok til å løyse ut dei delane av potensialet som me treng.

Sjøl om solkraft-effekten tilknytta nettet auka med 45 MW i fjor, til 186,5 MW, er den totale produksjonen berre ei drøy promille av den norske kraftproduksjonen. NVE trur at solkraftproduksjonen kan auke til 5 til 10 TWh årleg dei neste to tiåra.

Solceller er mest energieffektive når det er kaldt, og kan produsere på kalde, vindstille dagar på våren. Solceller er også den aller mest lokale kraftproduksjonen. I andre land er lokalt eigarskap til fornybare produksjonsanlegg vanleg. Det aukar forståinga hjå folk for ny kraftproduksjon, når folk rundt om i landet har eigarskap, anten direkte eller via lokalsamfunnet. Lokal straumproduksjon er lokal tryggleik dei dagane det sentrale nettet er nede.

Styrka offentleg støtte til solcelleanlegg ein god idé.

Neste artikkel

Uansett hva regelverket inneholder, må det følges