Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Ville Norge vore eit dårlegare samfunn med fire millionar menneske?

Er det mogleg for ein rik nasjon å krympa litt, eller er dette ønskeleg berre på globalt nivå? Emnet nådde overflata nokre dagar før jul, utløyst av ny botnrekord for norske fødselstal.

Kvinner føder færre born. Det uroar både regjeringa og Nationen. Men er det berre negativt med færre born? Foto: Frank May / NTB scanpix

Før var dette enkelt, som det er hos dyra: Ein forserer seg på instinkt, i gode tider veks folketalet, i dårlege går det skeis. Då blir migrasjon ein naturleg utveg, både for den fattige som ser barna svelta og den aggressive som vil ha livsrom. Begge er drivne av evolusjonens imperativ om å overleva og spreia si eiga slekt.

Og for ein gongs skuld går vitskap og religion hand i hand: ”Vær fruktbare og bli mange og opfyll jorden og legg den under eder …” Vi må kunna fastslå ein ubetinga suksess i så måte. Men no ser det ut til at moderne kvinner synest det er nok. Auka opplysning, velstand og fridom senkar fødselstala, sjølv i dei mest katolske samfunn.

Det kan skuldast dårlege kår for småbarnsforeldre, eller rett og slett at ein prioriterer annleis fordi ein har høve til det. I Norge gjeld vel helst det siste, og eg høyrer det blir murra om uansvarlegheit.

Eg har i haust hatt følge av Edvard Hoem sine forteljingar frå den store utvandringa til Amerika. Gjennom innsiktsfulle og nære skildringar viser han korleis tronge kår og få moglegheiter prega livet til våre nære forfedrar. Betra helsestell gjorde at fleire enn før vaks opp, folketalet vaks fortare enn produktiviteten i landbruket og industrien.

Forventningane til livet vaks nok òg i tråd med den gryande moderniseringa av bondesamfunnet. Iallfall reiste mange ut på jakt etter nytt land, og i Nord-Amerika låg verda open for plog og protestantisk arbeidsetikk, etter at urinnvånarane på ymse vis var skyfla unna.

På barneskulen lærte eg at verdas fattige får mange barn fordi dei treng omsorg i alderdomen. Om tre barn gir rimeleg sjanse for at ein av dei stiller opp på dine gamle dagar, og halvparten kan ventast å døy før den tid, treng du minst seks. Eg undra meg over dette som liten, og Hoems forteljing dempar ikkje tvilen. Det er lite spor av slike kjølige kalkulasjonar blant pionerane på prærien. Tvert om skildrast slitne kvinner som set foten ned for vidare ekteskapleg samkvem når dei kjenner grensa er nådd.

Eg minnest særleg episoden der Eilert går til naboen og auser ut sin frustrasjon over at kona synst åtte fødslar er nok. Dette må då vera opp til Gud å avgjera, meiner Eilert. Naboen talar Eilert imot, men korleis det enn er blir kona svanger igjen og døyr ved neste barsel. Guds vegar er uransaklege. Eilert sjølv blir godt vareteke av tre døtrer på sine eldre dagar, alle ugifte og barnlause. Noko var på gang då vi passerte 1950.

I dag bør det vera innlysande at eit stabilt folketal i samsvar med ressursgrunnlaget gir betre kår for både individ og samfunn. Men toler vi at folketalet også går ned? Ville Norge vore eit dårlegare samfunn med til dømes 4 millionar menneske?

Annonse

Det vil gå noko ut over privatforbruket (via auka skatt) om folk flyttast frå kjøpesenter til eldresenter, men den kostnaden lever vi då godt med?

Det er klart at moderne velstand føreset ei betydeleg spesialisering av oppgåver i samfunnet, og det finst ei nedre grense for folketal i så måte. Men fire kontra fe, millionar? Neppe. Vi har heller ikkje tradisjon for å avla soldatar med tanke på territoriell ekspansjon. Kanskje ein million færre vil svekka forsvarsevna? Tja, vi er små og avhengige av alliansar og fredspolitikk uansett.

Meir logisk er uroa for eldrebølga, men dette er jo ein overgangsfase. Om vi ikkje får nok nye yrkesaktive til å ta seg av dei som eldast dei neste 30 åra, finst velkjente løysingar. Sjølv om vi held robotar og innvandrar utom reknestykket, er det nok hender både i andre sektorar og utom arbeidslivet som kan slusast over i omsorga. Det vil gå noko ut over privatforbruket (via auka skatt) om folk flyttast frå kjøpesenter til eldresenter, men den kostnaden lever vi då godt med?

Det er vel i grunnen dette regjeringa siktar til når dei fryktar for ”velferda” framover. Litt enklare julegåver under treet, for å setta det på spissen. Prioritering!

Nationen støttar regjeringas uro for fødselstala, på leiarplass før jul. Berekraftig folketal er like viktig som sjølvforsyning, heiter det. Men der måtte eg stussa: Den som les denne avisa jamt har fått med seg at sjølvforsyninga er rundt 40 prosent, og at det skal mykje til å koma over 50. Særleg for dei som nektar å utfordra dagens etevanar, men er opptatt av at maten er norskprodusert iallfall i sluttleddet, burde lågare folketal vera velkome.

Noko anna eg lærte som liten, og som stadig blir gjentatt av velmeinande menneske, er at verda har nok til alle om vi berre deler rettferdig. Eller: Det er vårt overforbruk som er problemet, ikkje dei fattiges store barneflokkar.

Teoretisk er dette riktig, enn så lenge, men vilkåra for å gjera draumen til verkelegheit er ikkje ubetydelege: Ikkje berre må vi bli kvitt grådigheit og skeive handelsmønster, vi må slutta med krig, konflikt og vanstyre, avblåsa klimaendringar og naturkatastrofar, og ta spaden i ei anna hand for å sikra matjordas yteevne. Eta restemat, kutta kraftfôrkjøt. Realisera all tenkeleg miljøteknologi.

Det handlar jo om meir enn mat, folk ønsker armslag på alle vis. Ikkje minst bør det vera rom for at verdas elendige tar nokre rause steg opp på velstandsstigen. Strengt tatt bør vi møtast på eit forbruksnivå langt under dagens norske. Og alt dette skal vi sanneleg strekka oss etter, men det er vanskeleg å konkludera annleis enn at mykje ville vore enklare om vi ikkje var så mange.

Heldigvis går det langsamt rette vegen, fødselstala flatar visst ut mest overalt for tida. At påsettet samtidig bikkar mot negativt hos dei folkeslag som belastar jorda mest per snute, kan ikkje vera noko krise.

Har du noe på hjertet?

Neste artikkel

Overvekt på valgflesk