Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Vi har ingen studieplassar å miste

Vi løyser ikkje sjukepleiarmangelen i distrikta med meir sentralisering.

Distrikt: Sjukepleiarutdanninga vart til fordi tilgangen til sjukepleiarar i distriktet var for liten. Foto: Heiko Junge/NTB scanpix

Nedlegging av distriktsnære utdanningstilbod, som i mange år har vore garantistar for rekruttering av sjukepleiarar til omkringliggande kommunar, kan ikkje vere løysinga på ein aukande sjukepleiarmangel.

Det er likevel denne resepten leiinga ved Nord universitet argumenterer for i si innstilling om framtidig studiestadstruktur.

Innstillinga inneber omfattande endringar som sentraliserer fleire utdanningstilbod slik at ni utdanningsstader blir til tre. Tidlegare Høgskolen i Nesna med Campus Nesna og studiestad Sandnessjøen, foreslåast nedlagt. Tre andre studiestader blir degradert til "utdanningsstader".

Mange av desse studentane hadde ikkje utdanna seg til sjukepleiar utan eit utdanningstilbod i distriktet.

Leiinga meiner at særleg ei styrking av campusane i Bodø og Levanger, vil heve kvaliteten og vere ei styrking for heile nedslagsfeltet til Nord universitet. Men er dette rette verkemiddelet for å sikre rekruttering av sjukepleiarar, og er små studiestader av så liten verdi at det knapt vil merkast om dei blir borte? Eg vil ta utgangspunkt i den samlingsbaserte deltidsutdanninga i Sandnessjøen.

To punkt er løfta fram om studiestaden i Sandnessjøen:

1. Låg forskingsaktivitet blant personalet

Annonse

2. Ingen studentar frå august 2019.

Det gir inntrykk av ei ubetydeleg sjukepleiarutdanning. Eg vil løfte fram perspektiv som viser at denne deltidsutdanninga faktisk er verdifull og av stor betydning.

Denne sjukepleiarutdanninga vart til fordi tilgangen til sjukepleiarar i distriktet var for liten. Hovudfokuset har vore utdanning av fleire sjukepleiarar, men fokuset på publisering og forsking har vore aukande. Eg trur at vidare samarbeid på tvers av studiestader og campusar vil kunne styrke utdanning og forsking også i små fagmiljø. På sikt vil det kunne bidra til ei spreiing og styrking av utviklingsarbeid og praksisnær forskingsaktivitet i heile praksisfeltet, dvs. i alle kommunar i nedslagsfeltet til Nord universitet. Vi er klare til å bidra der vi er!

Mange har søkt til Sandnessjøen nettopp fordi dette var den sjansen dei såg for å kunne utdanne seg til sjukepleiar. Mange har vore i jobb ved sidan av studiane og/eller har hatt små barn og familie som har gjort det vanskeleg å flytte eller pendle langt. Ein tidlegare student sa det slik: «Som godt voksen alenemor, hadde det vært umulig å ta utdanningen ved et annet studiested» (Hov 2018, s. 30). Utsegna viser nettopp til at mange av desse studentane ikkje hadde utdanna seg til sjukepleiar utan eit utdanningstilbod i distriktet. Sidan 2016 har vi ikkje fått ta opp nye kull. Det er trist når vi har bruk for alle som vil og kan utdanne seg til dette yrket!

Når kull 2015 er uteksaminerte, har 226 studentar fullført sjukepleiarutdanning ved studiestaden i Sandnessjøen. Det gir eit gjennomsnitt på 17 nye sjukepleiarar for kvart kull. Det er ikkje ubetydeleg når ca. 82 prosent av dei som har starta studiet har komme frå Helgeland. I tillegg har ca. 100 tatt vidareutdanning ved studiestaden. Dette kan synast som små tal, men for mindre eller små Helgelandskommunar, har desse tala større betydning. Ikkje minst når vi har sett at heile 93 prosent av dei studentane som budde i ein Helgelandskommune ved oppstarten av utdanninga, blir buande (Hov 2018). Det understrekar betydninga av nettopp desentraliserte utdanningstilbod for å sikre tilgangen på kvalifiserte sjukepleiarar der det er særlege behov. Dette samsvarar godt med tidlegare rapport om sjukepleiarutdanning i Nord-Noreg (Gaski, Abelsen og Lie 2016).

Leiinga argumenterer for at det skjer ei styrking av sjukepleiarutdanninga på Helgeland og ikkje ei nedlegging. Dei viser bl.a. til at tilgjengelegheita til nye sjukepleiarar er den same som tidlegare fordi opptakstalet på Mo aukast tilsvarande dei plassane som blir lagt ned i Sandnessjøen. Det er berre det at dette i liten grad kjem distriktet vårt til gode. Vi har sett tendensen sidan 2016 da vi ikkje lengre fekk ha eigne opptak.

Studentane som kjem i praksis har oftast ikkje lokal tilhørigheit. Dei kjem gjerne frå Bodø eller andre stader av landet og reiser igjen når praksistida er over. Dei seinare åra har studiestaden årleg uteksaminert studentar til eigen region. Neste år blir det ingen. Det vil merkast! Det var nettopp desse mekanismane som gjorde at utdanninga vart oppretta, og dei er ikkje utgåtte på dato.

Dagens situasjon og eit historisk tilbakeblikk viser at vi treng eit mangfald som inkluderer distriktsnære utdanningstilbod. Dersom dette ikkje er mogleg innanfor dagens rammevilkår, bør det settast spørjeteikn ved heile strukturreforma så vel som finansieringssystemet for høgskolar og universitet. Vi løyser ikkje sjukepleiarmangelen i distrikta med meir sentralisering. Vi har derfor ingen studiestader å miste!

Har du noe på hjertet?

Neste artikkel

Sliter med EØS og Ap-ledelsen