Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Verdiskaping her eller der?

Skilje: Når ein barista lagar kaffien, er det verdiskaping. Ikkje om nabokjerringa i Trysil kokar. Foto: Mariann Tvete

Kor i landet verdiar vert skapt er eit heitt tema, men det bør ikkje herska tvil om regjeringa sitt syn på saka. Nedlegging av militær- og heimevernsavdelingar, flystasjonar, tinghus, høgskular, NAV- og skattekontor, kommunar, fylke, lokalsjukehus, politikammer, lensmanns- og passkontor, kort sagt beredskap og tenester nær der distriktsfolket bur, er tydelege teikn på nedvurdering av ikkje-bynære strok.

Utgreiingar i urban ande understøttar slutningar dregne på førehand. "Kriterier for god kommunestruktur" konkluderte ikkje overraskande i tråd med regjeringa sin visjon om størst og færrast mogleg kommunar. Utvalet bak rapporten vart jo handplukka av dei sjølv. Tvangssamanslåinga av fylke gjekk fort og gale utan eit lignande tingingsverk. Lovnader om utflytting av statlege arbeidsplassar vert tomt preik når makkverksreformer tvert om fører til massiv sentralisering. Eit groteskt døme er at misfosteret Viken får nytt administrasjonsbygg til éin milliard med 700 tilsette i Sandvika, eit steinkast frå Oslo.

Militær- og luftfartsfolk riv seg i håret over at basen for maritim overvaking vert flytta frå Andøya. I kjent stil skjer det etter vurderingar og reknestykkje som ikkje held vatn. Forståeleg er det derimot at regjeringa sette Jørn Rattsø, sentraliseringsfilosofien sin yppersteprest, til å leia Produktivitetskommisjonen. Svaret var då gjeve og eigna til å gjera folk frå grisgrendte strok skuggredde. Grovt sett er konklusjonen at primærnæringar og distrikt er reine utgiftspostar.

Er nokon frekk nok til å fremheva verdiskaping i distrikta, har regjeringa ein alliert i tankesmia Civita. Derfrå presenterer Mats Kirkebirkeland (H) avansert algebra som påstått prov på at Oslo er mykje meir produktiv. Han reagerte med ryggmargsrefleks då Mimir Kristjánsson, ordførerkandidat for Raudt i Stavanger, utfordra han. Ute på landet heiar vi nok på Mimir som peikar på at voldsom vekst i hovudstaden er uheldig for alle partar. Medan Oslo vert kvelt, blør resten av Noreg. Elles har deira kjekling om kva urbant område som skårar høgst på verdibørsen, ein viss underhaldningsverdi.

Ein trysling med kone frå yttersida av Senja gjer klokt i å unngå tilsvarande krangel mellom utkantane. Vi har skogen, dei fisken. Hennar heimkommune, Torsken, er av dei som vert fjerna med tvang. Ubønnhørleg forsvinn då offentlege arbeidsplassar. Med makta langt unna, her fem-seks mil, syner røynsle at skular og sjukeheimar snart vert truga. Kva då med fiskeria når alt dette gjer det vanskelegare å rekruttera til næringa? Om Kirkebirkeland ikkje har rett no, kan han få det på sikt grunna politikken til hans føretrekte regjering.

Like urban som Civita sitt orakel er ein gamal ven og ihuga Høgre-mann på Oslo vestkant. Mellom oss går det ei kule varmt når han støttar Kirkebirkeland sine tankar og meiner Trysil bør vera reservert for ulven. Dit er vi jo på god veg med rådande rovdyrpolitikk. Forutan turismen, skogbruksnæringa og småindustri har vil likevel framleis noko jordbruk. «Sugerør i statskassa» er då hans kontante respons. Alt utanom Ring 3 er sjølvsagt subsidiert.

Annonse

Går kameraten på kafé nede i gata, vert det derimot bokført som verdiskaping, for ikkje å snakka om summen som vert registrert om han sel si fine Frogner-leiligheit. Kassaapparatet til Civita plingar ofte og lifleg i ein heit boligmarknad. Generasjonsskifte på gardsbruk når ikkje opp på deira rekneark.

Kassaapparatet til Civita plingar i ein heit boligmarknad. Generasjonsskifte på gardsbruk når ikkje opp på deira rekneark.

På bygda kokar vi kaffen sjølv og smører matpakke før kona står timesvis med rompa i vêret eller eg går i vedskogen. Ho fyller frysaren med bær som elles ville rotna på rot. Eg høgg årleg nokre famnar til fyring heime «Er dette verdiskaping?», spurte eg kompisen og peika stolt på biletet av stabelen. Han nølte, så eg fylgde opp med; «..eller vert det registrert som det?» Sjølvsagt ikkje, og verre vert det om eg gjev han ein sekk gratis peisvarme. Verdikjeda vert råka om han ikkje heller kjøper ved importert frå Estland.

Kulde og dyr straum fører til urbane hjartesukk over mangel og høg pris på ved. Ver heller glad hoggarane ikkje har timeløna til aksjemeklarar, advokatar og andre verdiskapande byfolk, eller for at høgspenten ikkje er kutta! Det einaste vasskraftverket i Oslo gjev straum til 800 huslydar, Senja sine tre gjev over det firdoble. Der er dei meir enn sjølvforsynt, så også i Trysil kor to elvekraftverk og 22 vindmøller gjev ljos og varme til 18.000 huslydar. Om det vart bygd mur rundt hovudstaden, er det altså ikkje berre innlysande kva side som får kloremerke, men også kor folk fyrst vil frysa i hel.

Trysil flyplass vart bygd på dugnad for 997.800 innsamla kroner. Tomta fekk vi av kommunen og hjullastaren deira til låns i helgene. 15.000 gjekk til diesel, 55.000 til grus, resten til asfalt. Transaksjonane er vel verdiskapninga i et Civita-rekneskap, men lommerusk mot kva det kunne ha vore om ein entreprenør hadde bygt den. Det er berre det at den då hadde vorte alt for dyr, og vi hadde vore utan base for skogbrannovervakinga som reddar store verdiar frå å verta svidd av.

Når kulda spelar på lag, låner ildsjeler brannsprøyta til Torsken kommune og lagar skeisebane ved Medby skule. I Oslo går slikt over budsjettet til park og idrettsvesenet og er soleis ein del av verdiskapinga. Med tenkehetta av og blikket løfta ut over bygrensa, vert kan hende jamvel Kirkebirkeland slege over alt dei mindre samfunna skapar av små og store verdiar utan at det hamnar på eit papir. Om dei på børsen tener x gonger så mykje som slitarane på garden, i skogen, smelteverket eller sjarken, gjeld ikkje nødvendigvis same multiplikasjon for verdiskapinga.

Kan vi ikkje seia at by og land er likeverdige bidragsytarar i samfunnet? Med ei kjensle av at Kirkebirkeland ikkje kjøper den, spør eg: Kva kom fyrst? Ein by er jo normalt danna for å vera eit handels- og sørvissenter for bygdene rundt. Misser omlandet livskrafta, vert også byen råka når den ikkje har så mykje å vera sentrum for lenger. Tenk om nedgangen vert så sterk at det jamvel ikkje er marknad for tankesmia Civita!

Neste artikkel

Samlokalisering av politi – en ønsket utvikling