Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Verdigrunnlaget i norsk landbruk

I ein oppheta debatt om korleis få inntekta til gardsbruka til å bli så tilfredstillande at bøndene ikkje legg ned garden, tek mange til orde for at vederlag til kapital og arbeid må skiljast i jordbruksoppgjeret.

Arv: Vi bør holde på grunnideen om at garden går i arv frå generasjon til generasjon, skriv forfattaren av innlegget. Foto: Mostphotos
Arv: Vi bør holde på grunnideen om at garden går i arv frå generasjon til generasjon, skriv forfattaren av innlegget. Foto: Mostphotos

Kvifor det brått skal føre til at inntekta vil stige meir enn når vi får det samla virker noko uklart for meg. Gryttenutvalget har også frårådd eit slikt skilje. Ruralis sitt notat som vedlegg til rapporten er og nyttig lesnad.

Fleire høve virker inn på innteksdanninga til eit gardsbruk, dyktigheita til den enkelte bonde, eit gardsbruk bygd opp over generasjoner etter ein filosofi om å gje frå seg garden i betre stand enn då ein tok over, at garden blir overdregen til neste drivar til ein fornuftig pris, og sjølvsagt inntekt frå produksjon og driftstilskot frå staten.

Underteikna har verken studert eller forska noko på dette. Men har med kvardagsfilosofi tufta på eit langt arbeidsliv i landbruket komme til at truleg det viktigaste grunnlagspremisset for å halde norsk landbruk i live, er den langsiktige tankegangen om å utvikle garden over generasjonar og at desse verdiane går i arv frå generasjon til generasjon.

Eg trur det er einaste måten vi over tid kan sikre eit sjølveigande landbruk. Der den som eig driv og visa versa.

"Ein tanke der inntekta må vere så god at kvarmannsen skal kunne kjøpe seg eit gardsbruk til full markedspris, er urealistisk."

Sjølvsagt må driftsinntektene vere gode nok uansett. Men ein tanke der inntekta må vere så god at kvarmannsen skal kunne kjøpe seg eit gardsbruk til full markedspris, bygge ny driftsbygning til 10-15 mill i tru om at dette på kort tid må gje eit vederlag til arbeid minst på nivå med ein industriarbeider pluss vederlag til all kapital, er urealistisk. Det er truleg heller ikkje ynskjeleg om ein ynskjer å beholde eit småskala landbruk spreidd over heile landet. Landbruket er ei spesiell næring og det bør den forsetje å vere.

Mange sin livsdraum er å få seg ein gard. Dei er dermed villige til å skyte inn nesten ubegrensa med eigenkapital for å få realisert bondedraumen. Men det er ingen menneskerett å kunne kjøpe seg ein gard. Det er heller ikkje slik at det er nok gardar til alle som ynskjer seg ein gard.

Annonse

Om ein slepper dette fritt vil vi snøgt få ei utviking der dei som gjer arbeidet på gardsbruka ikkje lenger eig dei. Vi er allereie komme for langt på den vegen. Derfor bør vi holde på grunnideen om at garden går i arv frå generasjon til generasjon og at verdiane som bygges over generasjonar også går i arv til neste drivar. Og at bu-og driveplikta styrkast saman med ei revitalisering av jordlova.

Vi har no ein debatt der det stadig oftare blir hevda at dette er feil. Og at garden ved generasjonsskifte eller kjøp må kapaitaliserast opp til reelle verdiar og realiserast. Ein slik tanke/praksis vil sjølvsagt medføre at vederlaget til kapital må aukast mykje i forhold til om garden blir overdregen til neste eigar/drivar til ein fornuftig pris basert på avskrivningsgrunnlag og odelstakst.

Frå bondeopprøret blir det fronta krav om at vederlag til kapital og arbeid må vere så høg at denne kan forrente kjøp av garden til markedspris, samt at den skal dekke kostnadane med store investeringar som å bygge ny driftsbygning avskreven over 25 år.

For å oppfylle eit slikt krav må truleg overføringane og driftsinntektene til bøndene aukast med minst 20 milliardar kroner. Konsekvensane av ein slik auke er ukjent, lite forska på men vil truleg vere fatale om vi ynskjer sjølveigande bønder og ynskjer å unngå danske tilstandar.

Det vil også krevje eit vasstett grensevern mykje strengare enn det vi har i dag. Om vi ynskjer å halde på eit sjølveigande landbruk lyt vi halde på filosofien gardsdrifta har vore tufta på i fleire hundre år: At neste brukar overtek garden til ein fornuftig pris som gjere at hen kan ha ei fornuftig inntekt og forsetje å utvikle gardsdrifta til beste for neste generasjon.

I eit slikt scenario ser eg for meg at store investeringar som ved bygging av ny driftsbygning, lyt investeringstilskotet vere på minst 50-75 prosent av kostnaden gradert etter soneinndelingane for å styrke eigenkapitalen tilstrekkeleg.

Så blir det opptil partane i jordbruksoppgjeret å komme fram til økonomiske landbrukspolitiske modellar som er så truverdige at vi får politisk forståing og vilje til å oppfylle dei. For utan politisk aksept blir det ikkje noko oppgjer som monar.

Neste artikkel

Folkets nei fra både 72 og 94 står seg godt