Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Utmarksbeite må brukast

Rapportar frå FN skildrar korleis verdas matproduksjon og biologiske mangfald er truga av klimaendringar og intensiv bruk. I mykje av norsk utmark er det omvendt.

Utmark: Jordbruket sin bruk av utmark har gått sterkt attende etter krigen, skriv Yngve Rekdal. Foto: Yngve Rekdal
Utmark: Jordbruket sin bruk av utmark har gått sterkt attende etter krigen, skriv Yngve Rekdal. Foto: Yngve Rekdal

Varmare klima kan auke arealproduktiviteten, men produktivitet for matproduksjon og det biologiske mangfaldet minkar på grunn av lite beiting.

Det meste av utmarka vår er eit kulturlandskap der vegetasjonen er forma av variasjonen i veksetilhøve og påverknad frå dyr og menneskje sin bruk i fleire tusen år. På midten av 1800-talet var bruken av ressursar frå utmark så høg at det er vanskeleg å forestille seg.

Beiting og slått påverkar konkurranseforholdet mellom plantene. Artar som toler å bli beita ned fleire gonger i vekstsesongen kjem best ut. Dette gjeld i hovudsak gras som har veksepunktet så lågt at dette ikkje blir skadd ved beiting. Lyng, lav, høge urter og bregnar tapar i konkurransen, først og fremst av di dei ikkje toler trakk som følgjer med beitinga. Område som gjennom lengre tid har vore utsett for beiting eller slått vil få grasrik, engliknande vegetasjon på god mark.

Når påverknaden som har skapt eit landskap endrar seg vil landskapet endre seg. Jordbruket sin bruk av utmark har gått sterkt attende etter krigen. Dette har ført til at vegetasjonen i utmarka er i rask endring.

Det som før var lysopne beiteskogar eller artsrike beite- eller slåttevollar, får ein tett, ung skog. Undervegetasjonen endrar seg frå gras og beiteomlandet urter til dominans av vier, bregnar og høgvaksne urter på rik mark, og meir lyng, dvergbjørk og einer på fattig mark. Tett tresjikt fører til at mindre lys og varme når undervegetasjonen. Dette gjev sterkt redusert produksjon av beiteplanter, og gjer marka vanskeleg tilgjengeleg for beitedyr.

Det er ein arv frå tidlegare generasjonars utmarksbruk som no forvitrar. Skal vi ta vare på produktiviteten i utmarka for matproduksjon må ho brukast – beitetrykket må haldast høgt. I dag er beitedyra for få og går for spreitt, dei seinkar attgroinga, men stoppar ho ikkje.

God kultivering av utmarka krev eit høgt dyretal og lang beitesesong. Særleg viktig er tidleg slepp. Da vil dyr eta meir av knoppar og skot frå tre og busker, og høge urter og bregnar blir hemma i vokster.

I mange av dei viktigaste reiselivsmåla, som til dømes Lofoten og fjordane på Vestlandet, er landskapet i stor endring på grunn av for lågt haustingstrykk.
Annonse

Sambeiting mellom ulike dyreslag gjev betre kultivering da dei et litt ulike artar og brukar terrenget ulikt. På frodig mark er det særleg viktig at storfe er med da dei et grovare planter og har større trakkeffekt enn sauen. Men beitedyra greier ikkje kultiveringsjobben åleine. Det finst no mykje gode mekaniske hjelpemiddel som kan brukast til å opne opp att der attgroinga har kome langt.

Beitelandskapet har òg eit særeige mangfald av artar som er tilpassa nedgnaging eller slått. Her finn mange små urter, gras og storr sitt leveområde saman med sopp, insekt og fuglar. Dette er av dei mest artsrike naturtypane vi har i landet – også med mange sjeldne artar. Blir beitedyra borte forsvinn denne naturtypen. Det held på å skje i stort omfang i delar av landet der beitedyra no er på retrett.

Kulturlandskap er eit svært viktig produkt frå husdyrbeite. Dette er viktig for trivsel for dei som bur på norske bygder, men òg for ei anna viktig bygdenæring – reiselivet. Dette er råvara til mykje av norsk reiseliv.

I mange av dei viktigaste reiselivsmåla, som til dømes Lofoten og fjordane på Vestlandet, er landskapet i stor endring på grunn av for lågt haustingstrykk. Ikkje minst skjer dette no i dei store areala vi har av seterlandskap. Opplevinga blir sterkt endra når skogen står som tette vegger inn til gardar og setervollar, og gjer vegar og stiar til grøne tunnelar.

Det er sett i gang mange tiltak for vern av kulturlandskap, men dette er mest små areal med spesielt biologisk mangfald eller andre verneinteresser. Det som foregår er ei flekkforvaltning til høg kostnad. Det er berre ei aktiv beitenæring som kan ta vare på større areal av jordbruket sitt kulturlandskap utanfor det traktoren røktar.

Store areal av marginal jordbruksjord blir no heller ikkje bruka. Om lag 30 prosent av arealtypen innmarksbeite i landet vart det ikkje søkt produksjonstilskot for i 2019. Det er store regionale forskjellar. I tidlegare Troms fylke blir berre 23 prosent omsøkt, og i Trysil kommune 12 prosent. Det vitnar om ein stor ressurs som ikkje blir bruka og eit landskap i stor endring.

Endra klima, vassmangel og forringing av jord vil redusere produksjonen av mat og anna biomasse i mange land. Kampen om produktive areal kjem til å bli hardare når meir mat skal produserast og biologiske ressursar skal erstatte fossil energi og råstoff.

Globale rapportar viser oss utfordringane, men ikkje dei lokale løysingane. Korleis arealressursar best skal nyttast må forståast ut frå lokale føresetnadar. Beite i utmark og på marginale jordbruksareal kan ikkje sentraliserast.

Skal vi bruke desse areala til å produsere mat og ta vare på miljøverdiar, må vi ha eit landbruk med husdyr over heile landet som nyttar lokale ressursar.

Har du noe på hjertet?

Neste artikkel

Hvem gir bønder råd om ny teknologi?