Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Utfordringar for norsk mjølkeproduksjon og meieriindustri

Norsk mjølkeproduksjon og meieriindustri har dei siste åra opplevd endringar i forbruk og i import som har gjeve auka utfordringar på heimemarknaden.

Ein sunn konkurranse mellom dei norske aktørane vil i det store og heile vera bra for norsk meieriindustri og styrkja den i konkurransen mot importerte meieriprodukt, skriv Sjur Spildo Prestegard. Foto: Bjarne Bekkeheien Aase

Forbruket av drikkemjølk har over fleire tiår gått kraftig ned både per innbyggjar og samla sett, frå 739 millionar kilo i 1989 til 443 millionar kilo i 2017. Denne nedgangen i forbruket av drikkemjølk har delvis vorte motverka av at forbruket av ost og yoghurt har gått opp.

Basert på norske forbruksdata og ein langtids prognosemodell kom Geir W. Gustavsen i Nibio og Kyrre Rickertsen ved NMBU fram til at innkjøpet av drikkemjølk ville verta redusert med 32 prosent frå 2012 til 2027, medan innkjøpet av ost ville auka med 12 prosent (artikkel i Proceedings in System Dynamics and Innovation in Food Networks i 2018).

Samla import av ost frå EU og andre land har auka og var i 2017 på om lag 13.000 tonn og utgjorde vel 13 prosent av samla osteforbruk. Den auka importkonkurransen for ost skuldast at den tollfrie ostekvoten frå EU auka med 2700 tonn til 7200 tonn per år i 2011 og frå 1. oktober 2018 vart den auka til 8400 tonn per år. Dei seinare åra har det dessutan vorte importert betydelege mengder ost frå EU utanom kvoten til full toll.

Den største utfordringa for norsk mjølkeproduksjon og meieriindustri på kort sikt er likevel at all eksportstøtte skal opphøyra i 2020 som fylgje av ein avtale i WTO som Stortinget har godkjent. All eksport av ost som utgjer om lag 12.000 tonn og der eksport av Jarlsberg åleine står for om lag 10.000 tonn, er definert som eksport med eksportstøtte. I dag går ca. åtte prosent av den norske meierileveransen på 1500 mill. liter per år med til å produsera ost for eksport. Det seier seg sjølv at dette bortfallet av eksportmoglegheiter vert ei stor utfordring for norsk mjølkeproduksjon og meieriindustri.

På AgriAnalyse sitt internasjonale seminar 15. februar 2019 i Oslo sa tidlegare konsernsjef i Tine, Hanne Refsholt, at Tine hadde snudd alle steinar for å undersøkja moglegheitene for kommersiell eksport av ost. Konklusjonen var at dette var umogleg å få til med det norske prisnivået.

Vi har ein kvoteregulert mjølkeproduksjon i Noreg, så kutt i mjølkekvotane kan vera ei nærliggjande tilpassing.

Annonse

Det kan sjølvsagt vera mogleg å omsetja større mengder av eksisterande meieriprodukt innanlands, men det vil fort kunna medføra at prisane vil gå markert ned med dei negative økonomiske fylgjer det vil få for norske mjølkebønder. Dessutan kan det vera marknad for nye, kanskje meir nisjeprega meieriprodukt.

I Nationen 18. mars 2019 var det eit oppslag om at det ved Tine sitt meieri i Verdal vert gjort klart for produksjon av cheddar. Det er inngått avtale med Orkla om bruk av cheddar i pizzaproduksjonen.

Norsk meieriindustri, representert ved Tine, Q-meieriene, Synnøve Finden, Kavli og andre, må vera innovative og nyskapande, produsera attraktive meierivarer med kvalitet på ein kostnadseffektiv måte, satsa på produktutvikling, og på marknadsføring, for å møta utfordringane på heimemarknaden på ein offensiv måte.

Ein sunn konkurranse mellom dei norske aktørane vil i det store og heile vera bra for norsk meieriindustri og styrkja den i konkurransen mot importerte meieriprodukt. Det er likevel eit faktum at endra forbruksvanar, auka importkonkurranse og bortfall av osteeksport uvilkårleg vil måtta pressa fram ein reduksjon i den norske mjølkeproduksjonen.

Vi har ein kvoteregulert mjølkeproduksjon i Noreg, så kutt i mjølkekvotane kan vera ei nærliggjande tilpassing. Dette kan skje ved eit prosentvis likt kutt i mjølkekvotane for alle mjølkeprodusentar.

Gjennom ordninga med omsetnad av mjølkekvotar, så kan ein eigar av landbrukseigedom med grunnkvote selja heile eller delar av kvoten sin. 20 prosent av kvoten må seljast til staten for 2,50 kroner per liter, medan dei resterande 80 prosent kan seljast privat. Staten kan velja ikkje å selja ut att kvotar til andre mjølkeprodusentar for slik å få til ein viss nedgang i samla mjølkeproduksjon. Avtalepartane kan også verta samde om å auka den delen som må seljast til staten.

Meir effektiv for å få ned produksjonen vil ei ekstraordinær statleg oppkjøpsordning for mjølkekvotar vera (tilsvarande det som vart gjort tidleg på 2000-talet), men ei slik ordning kan visa seg å måtta krevja ein høg utkjøpspris. Ein kan også tenkja seg ein kombinasjon av desse tiltaka som er nemnde ovanfor. Høgst sannsynleg så vil dermed talet på mjølkebruk gå kraftig ned dei neste åra.

Ein ytterlegare auke i mjølkeavdrått per mjølkeku per år slik vi har sett dei seinare åra, vil truleg forsterka denne utviklinga. Samstundes kan kvotekutt gjera det meir lønsamt med noko lågare avdrått per ku.

Ein kan slå fast at det vil verta krevjande for mjølkebønder, meieriindustri, bondeorganisasjonar og norske jordbrukspolitikarar å gjera gode val og tilpassingar for å møta utfordringane.

Har du noe på hjertet?

Neste artikkel

Dyrevelferd – ikke industrilandbruk