Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Tid for å tenke nytt om genteknologi

Vi kan få persontilpassa medisin, meir berekraftig matproduksjon og betre industriløysingar.

Klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn (V). Foto: Berit Roald / NTB
Klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn (V). Foto: Berit Roald / NTB

Genteknologien gir større moglegheiter enn nokon gong. Klarer vi å ta teknologien i bruk, samtidig som vi sikrar føre var-prinsippet?

Eg hadde ikkje ein gong byrja på skulen då Stortinget vedtok genteknologilova i 1993. Lova var blant dei fyrste i verda som krev at myndigheitene vurderer genmodifiserte organismar i ein større samanheng enn helse og miljø. Vi skal òg leggje vekt på berekraft, samfunnsnytte og etikk. Dette var kloke føringar.

Samstundes har den teknologiske utviklinga tatt sjumilssteg sidan den gongen. Tidlegare i haust fekk Emmanuelle Charpentier og Jennifer Doudna nobelprisen i kjemi for oppdaginga av den såkalla CRISPR-teknikken.

Teknikken går ut på å redigere gena til organismar ved å gjere mindre, målretta endringar i arvestoffet. Dette er endringar som like gjerne kunne gått føre seg ved naturleg mutasjon, til forskjell frå tradisjonell genmodifisering der ein tek eit heilt gen frå ein organisme og sett inn i ein annan.

Den nye metoden representer eit gjennombrot. Men viss den blir brukt feil, kan òg genteknologi gjere skade, ikkje minst på artar i naturen og økosystema.

Det er over 20 år sidan den siste offentlege utgreiinga om genteknologi. I mellomtida har teknologien fått større og større forsprang på politikken, og dagens regelverk er modent for ein gjennomgang. Dette er viktige spørsmål, som krev gjennomtenkte svar.

Difor set regjeringa no ned eit utval om genteknologi, med eit utval ekspertar som er blant dei fremste på sine felt. Dei skal gje oss eit oppdatert kunnskapsgrunnlag, diskutere etiske dilemma og foreslå korleis vi kan utvikle og regulere genteknologien vidare.

Ein genmodifisert organisme (GMO) har fått arvematerialet endra ved hjelp av genteknologiske metodar. Teknologien gjer det mogleg å fjerne og setje inn DNA, og endre på korleis gen blir uttrykte.

Annonse

Soya som er resistent mot ugrasmiddelet glyfosat er den mest utbreidde GMO-en i verda. Ugraset døyr, soyaplantene vert ståande. Oppdrettslaks som er steril, og ikkje kan formeire seg med villfisk om han rømmer frå oppdrettsanlegget, er eit anna eksempel på moglegheitene teknologien gir for å sikre meir miljøvenleg matproduksjon.

Vi må sjå nærmare på om lovverket er modent for justeringar. Metodane har utvikla seg mykje. Eit sentralt spørsmål er korleis vi skal definere GMO-ar.

Viss ein nyttar ein bestemt teknikk for å endre eigenskapane til ein organisme, blir resultatet då ein GMO? Når du vil ha godkjent ein GMO, må du nemleg leggje fram mykje dokumentasjon og omfattande risikovurderingar. Dette kostar pengar og kan vere styrande for kva metodar som nyttast.

Mange meiner at tida no er inne for å korte ned saksbehandlingstida, differensiere saksbehandlinga og mjuke opp GMO-definisjonen. Forskarar og styresmakter er tent med klare og føreseielege rammer for kva som skal bli definert som ein genmodifisert organisme.

Utvalet skal mellom anna sjå nærmare på eit forslag frå Bioteknologirådet, som Klima- og miljødepartementet fekk i desember 2018. Forslaget går i hovudsak ut på å gradere godkjenningsordninga etter kor omfattande dei genetiske endringane er.

Gjennom EØS-avtala er Noreg tett knytt til GMO-reguleringa i EU. Vi kan ikkje ha vesensforskjellig forvaltning, men skal gjere sjølvstendige vurderingar ut frå eige lovverk. Det ligg mykje lærdom i å diskutere og tenke sjølv. Vi bør vere ein premissleverandør, utvikle vårt eige kunnskapsgrunnlag og vurdere nye måtar å regulere på.

Genteknologi og syntetisk biologi blir omtalt som den neste dominerande teknologien i verda. Vi kan designe og framstille organismar og molekyl med heilt nye eigenskapar.

Med slike kraftige verktøy rundt neste sving, kan vi ikkje berre sjå til andre land. Det er òg etiske dilemma som kan oppstå i tilknyting til genmodifiserte organismar. Det er diskusjonar utvalet skal ta, og som også samfunnsdebatten utvilsamt vil ta del i. Det er viktig.

Vi må vere opne for nye løysingar og vidare innovasjon. Men viktigast av alt er at vi framleis trygger helse, miljø og samfunnsverdiar. Eg håper mange vil bidra i den debatten som garantert vil kome når utvalet startar arbeidet.

Vi skal ta politiske val som er avgjerande for framtida, og då må vi gjere det på eit sterkt fagleg og demokratisk grunnlag.

Har du noe på hjertet?

Neste artikkel

Vanlige folks utur