Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Slepp ungdom til i eldreomsorgen

Samfunnet vårt stor overfor krevjande omsorgs-utfordringar dei neste åra. Vi blir mange fleire eldre, vi får nye brukargrupper og vi får endå større knappheit på utdanna helse- og sosialpersonell.

Solidarisk omsorgsteneste vil i tillegg kunne betre framtidig rekruttering av dyktige helsearbeidarar til kommunehelsetenesta og eldreomsorga vår. Det trengs, skriv Kjersti Toppe. Foto: Mostphotos
Solidarisk omsorgsteneste vil i tillegg kunne betre framtidig rekruttering av dyktige helsearbeidarar til kommunehelsetenesta og eldreomsorga vår. Det trengs, skriv Kjersti Toppe. Foto: Mostphotos

Det blir vanskeleg å klare ein standardheving i tenestene, med meir aktivitet og innhald, samtidig som vi skal handtere behova som dei demografiske endringane utløyser. Utviklinga vil krevje ei enorm- og usannsynleg stor rekruttering av ny arbeidskraft til sektoren. Mange er likevel skeptisk til å utgreie ei ordning med solidarisk omsorgsteneste for ungdom i helsesektoren, som eit mogleg tiltak her. Dei viser heller til andre satsingar slik som faste, fulle stillingar for utdanna helsepersonell, betre løn og fleire studieplassar. Eg meiner at dette ikkje er så enkelt. Vi er nøydd å gjere begge deler.

I 2011 blei samfunnsteneste for ungdom føreslått av Hagenutvalet (NOU 2011:11). Som utvalet skreiv; Et godt samfunn preges av solidaritet mellom generasjoner, og ikke berre av pengeoverføringer gjennom skatter og avgifter. Solidaritet er også at yngre stiller opp for de eldre med sin tid og sin arbeidsinnsats.

Utvalet viste også til at ein aldrande befolkning betyr at fleire vil ha større behov for hjelp og enkle tenester som dei fleste ungdommar kan utføre etter ein grunnopplæring med tilgang til fagleg støtte. Eit større tilbod om arbeidskraft kan og bidra til å få utført oppgåver som i dag ikkje blir gjort, og kan innebere ei avlastning av den meir kvalifiserte arbeidskrafta.

Premissen for ei slik teneste er at denne arbeidskrafta ikkje skal erstatte eller fortrenge dei som har sitt ordinære arbeid i sektoren. Hagenutvalet føreslo også ei opplæring gjennom ein tre månaders «rekruttskule» med ein grunnleggande innføring i omsorgsarbeid, og at arbeidet skulle lønnast på ordinært vis. Utvalet føreslo i tillegg andre økonomiske ordningar, slik som reduksjon eller sletting av framtidig studiegjeld, og at tenesta kunne gi studiepoeng for å kome inn på høgare utdanning. Definering av arbeidsoppgåver og andre reglar rundt ei slik teneste, måtte bli utforma av aktørane i sektoren, med brei deltaking av alle fagorganisasjonane.

Annonse

Mange unge er framand for kva det vil seie å oppleve sjukdom og aldring.

I dag er allmenn verneplikt ein bærande bjelke i forsvaret av Norge. Det er kvart år fleire vernepliktige enn det forsvaret har behov for. Av eit årskull på mellom 50–60.000, er det berre om lag 8000 som gjennomfører fyrstegongstenesta. Kvifor ikkje ha eit tilbod for alle dei andre vernepliktige til å gjere ein innsats i helsesektoren, der ein i framtida vil trenge all den arbeidskrafta som vil la seg mobilisere?

Ei solidarisk omsorgsteneste må etter mitt syn først og fremst vere for ungdom som er motivert, slik også verneplikta i forsvaret i dag fungerer. Ein del argumentere mot forslaget med utsegn som at helsesektoren treng ikkje fleire «umotiverte, ufaglærte ungdommar». Då spør eg, kvifor kan vi då støtte at dei same ungdomane skal forsvare landet i krig?

Solidarisk omsorgsteneste vil ikkje berre vere ein arbeidskraftressurs. Den vil ha mange andre positive samfunnsverknader. Ungdom vil få meir kjennskap til eldre sine levekår og behova til menneske med sjukdom og funksjonsnedsettingar. Den erfaringa og forståinga er nyttig å ha med seg, uansett kva yrke ein sidan utdannar seg til. I dagens samfunn meiner eg det er eit problem med tette skott mellom generasjonane.

Mange unge er framand for kva det vil seie å oppleve sjukdom og aldring. Med ei slik teneste får ungdom styrka sine ferdigheiter i mellommenneskeleg handtering av aldring og funksjonssvekking. Solidarisk omsorgsteneste vil i tillegg kunne betre framtidig rekruttering av dyktige helsearbeidarar til kommunehelsetenesta og eldreomsorga vår. Det trengs.

Til sjuande og sist er forslaget om ei solidarisk omsorgsteneste eit verdival. Hagenutvalet skreiv i 2011 at eit sterkt velferdssamfunn kan berre skapast saman med innbyggarane, og at vi i møtet med framtidas omsorgs-utfordringar må ta eit oppgjer med dei seinare års tendensar til å gjere helse- og omsorgstenester til noko ein berre skal forholda seg til som forbrukarar og konsumentar.

Ei slik einsidig konsumentordning kan stimulere til misnøye og mistillit til fellesskapets ordningar, når det offentlege ikkje vil klare å levere i tråd med stadig veksande og til dels urealistiske forventningar både til kvalitet og omfang. Vi risikerer også å miste vår eigen handlingskompetanse i forhold til å kunne ta vare på oss sjølv, og andre, når alt skal overlatast til profesjonelle. Koronapandemien har vist kor viktig dette er i krisetider.

At forslaget om solidarisk omsorgsteneste frå 2011 aldri er løfta vidare politisk, meiner eg er feil. Tida er no inne for å tenke nye tankar. Vi må vere ærleg på at vi truleg ikkje kan utdanne oss vekk ifrå dei store omsorgs-utfordringane landet står overfor i helsesektoren. Å importere arbeidskraft frå utlandet er heller ikkje ein farbar veg i lengda. Difor er utgreiing av solidarisk omsorgsteneste for norsk ungdom eit forslag som burde fått stor politisk støtte.

Har du noe på hjertet?

Neste artikkel

Fra byråkrati til maskineri