Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Sats på det allsidige norske familiejordbruket

Matforsyning og matproduksjon må få større merksemd, der ein ser fruktbar jord, naturmangfald i kulturlandskapet og klimaomsyn i samanheng.

For matforsyninga og livsgrunnlaget er det allsidige familiejordbruket verdt å satse på, skriv Marie Aukrust. Her frå  Øystre Slidre i Valdres. Foto: Christian Pedersen
For matforsyninga og livsgrunnlaget er det allsidige familiejordbruket verdt å satse på, skriv Marie Aukrust. Her frå Øystre Slidre i Valdres. Foto: Christian Pedersen

Beredskap har med å tenkje seg det utenkjelege, og førebu seg på at det kan skje. Koronapandemien syner korleis verdssamfunnet deler ein lagnad av famling i det ukjente. Vi står med ein liten, open økonomi i ein global samanheng. Beredskapsplan for mat, korn, såvarer og fôr, som del av ein nasjonal beredskaps- og kriseplan, står ikkje i motsetning til internasjonal handel og samarbeid.

Vi har òg i Noreg, som i heile Europa, gjort oss avhengige av billige, flinke utanlandske sesongarbeidarar. Dei kan ikkje enkelt erstattast. Merksemda på matforsyning og matproduksjon, allsidig arbeidskraft og kompetanse, og livskraftige lokalsamfunn må aukast. Kriser rammar dei mest sårbare hardast. Medmenneskeleg blir vi sette på prøve. Samarbeid i det nære, nasjonalt og globalt er avgjerande.

For jordbruket synte tørkeåret 2018 at det er bønder på mindre bruk som klarar seg best og er mest fleksible, ved at dei har husdyr tilpassa ressursane. Ein bøling på kanskje 100 dyr, er ikkje lett å frakte til utmarksbeite. Når prisen går opp på både leigejord, grovfôr og kraftfôr, og gjelda er stor frå før, blir det ugreitt.

Menneske med ansvar for dyr og jord spør seg om dei orkar å drive jordbruk vidare, når ekstremvêr øydelegg for avling og dyr. Sjølvforsyninga går ned. Vi kan ikkje ha lit til jordbruksområde i andre land som vi har støtta oss på ved import. Dei kan trengje maten sin sjølve. Da hjelp det ikkje å vifte med pengar. Nokon må produsere maten.

Økologisk og sosial berekraft må sjåast under eitt. Det grøne skiftet gjeld både sentrum og periferi, som òg fellesansvaret for å demme opp for aukande sosial og økonomisk ulikskap. Jordbruket må vera ein del av løysinga i heile Noreg, tilpassa dei ulike klimasonene.

FN-rapportar understrekar at omstilling må skje ut frå lokale tilhøve, og at berekraft og klimamål må sjåast i samanheng og ikkje redusere vilkåra for eigen matproduksjon og sjølvforsyning. Fruktbar jord, naturmangfald og klima, dyrevelferd, folke- og dyrehelse heng i hop.

Eit allsidig familiejordbruk i heile landet, med samfunnsoppdrag om å levere sunn og trygg, forsvarleg produsert mat i den ordinære produksjonen, er eit mål i offisiell norsk jordbrukspolitikk. Vil vi dette, kan følgjande punkt vera ein leietråd:

Annonse

Vi treng ein jordbrukspolitikk med betre samanheng mellom middel og mål, og klimamål som står i høve til berekraftsmål. I naudsynt omstilling i matproduksjonen må ein få ned volum og oppnå berekraftige produksjonar, sjå samanhengen mellom tilbod og etterspurnad, kva mat vi kan produsere og korleis.

Vi treng eit framtidsretta lokaltilpassa jordbruk, og styrking av tilknytte verksemder i verdikjeda. Rekruttering, med særleg vekt på ny drift på nedlagde bruk, vil vera viktig. Med det allsidige, ikkje einsretting, kan vi vedlikehalde eit spreidd makt- og eigarskap.

Vi treng miljø- og klimatiltak for den enkelte garden, og ein teknologi i samsvar med ressursgrunnlaget og økonomien. Jordbruksutdanningane må satse på agroøkologisk, regenerativ drift, beitebruk og setring. Utviklings- og forskingsmiddel må støtte opp.

Regionale planar for nærjordbruk kan utformast, med satsing på lokaltilpassa matplanter, skule- og parsellhagar, lokal omsetning, offentlege innkjøp av kortreist mat og bruk av mat som nå blir kasta. Praktisk matlaging må meir inn i skulen. Skulekjøken og kantiner kan knytast til skulehagearbeid. Innsatsen må aukast for å éta norsk mat, éta norsk i sesong og éta opp maten.

"Eit framtidig berekraftig norsk jordbruk inneber ikkje ein økologisk utopi."

Vi treng tydeleggjera kva jordbruket skal stå for som kulturberar økologisk, sosialt og økonomisk. Det gjeld òg setringa, om det er eit mål å halde på denne i rimeleg omfang. I så fall må små- og mellomstore mjølkebruk over heile landet oppretthaldast; det gjeld særleg i fjellbygdene.

Kunnskap om og naudsynte tilskot til kulturlandskapsforvalting er viktig. Meir offentleg vektlegging av forpliktinga vår etter Konvensjonen for biologisk mangfold om å ta vare på heile naturmangfaldet, òg for mat og landbruk, må til.

Eit framtidig berekraftig norsk jordbruk inneber ikkje ein økologisk utopi. Heller ikkje regelverk basert på klokketru på marknaden og ei altomfattande overstyrande teknologisering. Bønder er omstillingsvillige, men kan ikkje dyrke det same i Rørostraktene som i Ringsaker, eller som i Spania. For jordbruket er føresetnaden å sjå ein lang tidshorisont. Den tradisjonelle norske nøysemds- og naturbrukskulturen, som i fjelljordbruket etter krigen og framover, har bore i seg dette. Jordbruk er bruk av jord. God forvalting av jorda er godt miljøvern.

Det skulle vera felles interesse for bønder, forvalting, organisasjonar og oss alle å finne løysingar for sunn og trygg mat, for kulturlandskap, miljø og klima, med føreseielege rammer og godt driftsgrunnlag. Vi må respektere og oppvurdere innsatsen bøndene gjer. For matforsyninga og livsgrunnlaget er det allsidige familiejordbruket verdt å satse på.

Har du noe på hjertet?

Neste artikkel

Kommuneøkonomi på jordet