Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Reiselivet har takla kriser før

Reiselivet i distrikta har takla store og små kriser før. Historia gir grunn til å tru at koronakrisa kjem til å bli ei i rekkja.

Mørke skyer over reiselivet: Overlevingsevne i familiebedrifter som Kviknes Hotel – og hjå andre i distriktsreiselivet – er eit sentralt tema i doktorgraden til Agnes Brudvik Engeset. Foto: Unni Dalsegg
Mørke skyer over reiselivet: Overlevingsevne i familiebedrifter som Kviknes Hotel – og hjå andre i distriktsreiselivet – er eit sentralt tema i doktorgraden til Agnes Brudvik Engeset. Foto: Unni Dalsegg

No om våren brukar mange av turistbygdene å vakne til liv att med turistar langs vegane, og kafear og galleri har opna for fullt. Sommarrutene på Sognefjorden er eit tydeleg teikn på at turistsesongen er i sving. I år er vegane tomme for turistbussar og fjordane er frie for cruiseskip. Berre ein einsleg ekspressbåt i ordinær rutetrafikk kjem. Vi som bur i distrikta er vande med stillheit og tomme gater, men slett ikkje i turistsesongen. Det kjennest merkeleg, og for alle som har turisme som levebrød, er denne våren og sommaren ei nervepirrande og vanskeleg tid.

Om morgonen den 27. mars, medan nedstenginga av Norge framleis var ny, høyrde eg hotelleigar Sigurd Kvikne i Balestrand på radioen. Kviknes Hotel hadde tent eit hjarte av lys i romma på hotellbygningen sin og lagt ut biletet på Facebook med teksten «Stay safe» og innlegget vart raskt delt. Støttemeldingane og lukkeynska strøymde inn. – Vi kan jo ikkje misse motet heller, sa Sigurd Kvikne.

Hjartet av lys gjorde inntrykk på meg, både som sambygding og forskar. Overlevingsevne i familiebedrifter som Kviknes – og hjå andre i distriktsreiselivet – er eit sentralt tema i doktorgraden min. Når eg som stipendiat har undersøkt kva slags ressursar som ligg i nettopp familieeigarskap og korleis desse ressursane kan takast i bruk under kriser, er det visse trekk som peikar seg ut. Pliktkjensla er eitt av dei. Særleg hjå eigarane av slike familiehotell og gardsturismebedrifter, fann eg ein sterk lojalitet til familieverksemda. Denne kjensla av plikt overfor livsverket til generasjonane før og etter dei, bidreg til at folk i slike bedrifter arbeider lange dagar og gjev det vesle ekstra i tøffe tider.

Agnes Brudvik Engeset, stipendiat og reiselivsforskar ved Vestlandsforsking. Foto: Endre Hilleren
Agnes Brudvik Engeset, stipendiat og reiselivsforskar ved Vestlandsforsking. Foto: Endre Hilleren

Familiebedrifter sit på ein heilt spesiell type kapital som er vanskeleg for å andre bedrifter å kopiere. I tillegg til pliktkjensla, handlar det mykje om å kunne setje saman eit solid lag der kvar og ein har sin spesialitet. Der den eine er kunstnarisk og kreativ, kan den andre vere ein som gjennomfører og landar idear. Dersom dei også både respekterer kvarandre, støttar kvarandre og har trua på kvarandre, styrkar det overlevingsevna. Også samhald og solidaritet er ein del av kapitalen. Familiebedrifter som kan skilte med desse eigenskapane, har gode føresetnader for å klare seg gjennom store og små kriser.

Annonse

Koronakrisa liknar ingen kriser norsk reiseliv har opplevd, i alle fall sidan verdskrigane. Rett nok har vi hatt spanskesjuka, SARS og svineinfluensaen, men koronakrisa grip om seg på ein anna måte. Pandemien er ein usynlege fiende som vi truleg må leve lenge med.

Familiebedrifter sit på ein heilt spesiell type kapital som er vanskeleg for å andre bedrifter å kopiere.

Tilgangen på gjester er også noko som skil koronakrisa frå tidlegare kriser. I møte med familiar som eig og driv hotell, har eg snakka om hendingar som har råka dei opp gjennom tidene – som oljekrisa i 1973-74, Tsjernobyl i 1986 og terroråtaket 11. september 2001. Felles for desse var at når dei tradisjonelle turistmarknadene i USA eller Europa ramla ut, fanst det alltid ein annan marknad å vende seg til. «Det var då mor og far bestemde seg for å utvikle hotellet mot den norske marknaden. Dei konkluderte med, og det var dei ikkje aleine om, at de norske marknaden ville utvikle seg i rivande tempo», sa ein av hotelleigaren om oljekrisa.

Og kvar gong ei krise har oppstått, har eigarfamiliane mobilisert: Alle vert sette i arbeid, dei brettar opp ermar og jobbar hardare, lengre – og mange, mange gratistimar. Slik har dei klart seg.

No var det slik, i alle fall i mars og april i år, at det ikkje fanst ein einaste marknad å vende seg til. Også nordmenn sat heime. I ein slik situasjon hjelper det ikkje å for reiselivsbedriftene å arbeide hardare og hardare. Familiekapitalen og det sterke samhaldet, strekkjer ikkje til no; reine pengar må på bordet. Regjeringa sine krisepakkar har hjelpt mange i reiselivet, men den økonomiske redningsaksjonen har også vore kritisert for ikkje å treffe godt nok. Sesongbaserte reiselivsbedrifter til dømes, som er så typiske for distriktreiselivet, kom ikkje med i kompensasjonsordninga.

No gjeld det at hotella og dei andre reiselivsbedriftene held fram med den gryande snuoperasjonen vi ser rundt oss, at dei gjer seg endå meir attraktive for norske ferierande og at dei utviklar koronatilpassa og trygge hotellfrukostar eller restaurantopplevingar.

«Denne sommeren ser det ut til at vi får hele Norge for oss selv», jubla VG 12. mai. For mange i reiselivet er det ein dyster tanke. Norske turistar kan ikkje erstatte gjestene frå utlandet, til det er vi ikkje mange nok, sjølv om vi tel med dei 400 000 som normalt dreg ut av landet. Dessutan er vi glade i å reise på hytta eller bu hjå vener og kjende. Men det blir sommarferie år. Og sjølv om det kan gå mot ei gradvis gjenopning av landegrensene i Europa, blir det truleg norgesferie for dei fleste. Det betyr i alle fall at det vil gå an å tene noko for reiselivet i distrikta. Difor må ikkje reiselivsaktørane misse motet, men heller vere så nyskapande som dei kan. For trur du ikkje på framtida, vil ikkje pengar på bordet hjelpe deg. Overlevarane frå fortida var nettopp framoverlente, kreative og dristige.

Sjølv om koronakrisa verkar ekstra håplaus å takle, viser historia at mange hotell har halde det gåande utan konkursar sidan 1800-talet. Dei har med andre ord greidd seg gjennom både spanskesjuka og to lange verdskrigar. Ut frå det vi veit om historia, vil alt bli bra att – sjølv om det ser mørkt ut no.

Har du noe på hjertet?

Neste artikkel

Beitedyr byttast ut med hytter