Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Reetablering av villrein i Nordfjella

Ei rådgjevande gruppe nedsett av Miljødirektoratet, med deltakarar frå ulike forskingsmiljø og lokal villreinforvalting, har i over eit år arbeidd med planar for korleis reinstamma i Nordfjella sone 1 kan reetablerast.

Det vil alltid vera faktorar i naturen som ein ikkje har full oversikt og kontroll over, skriv kronikkforfattarane. Foto: Harald Skjerdal
Det vil alltid vera faktorar i naturen som ein ikkje har full oversikt og kontroll over, skriv kronikkforfattarane. Foto: Harald Skjerdal

Sone 1 er den nordlege delen av Nordfjella, om lag 2000 km2 som ligg nord for vegen Hol-Aurland. Som kjent vart all rein i området utrydda etter funnet av prionsjukdommen CWD (skrantesjuke) på ei simle våren 2016.

To år seinare vart siste dyret i bestanden felt. Over 2000 villrein vart felt gjennom jakt og statleg felling. Prionsmitte vart funne i knapt 1 prosent av desse (18 dyr). Heile denne prosessen var tung å gå gjennom for lokalsamfunna i dei 6 kommunane som har areal i Nordfjella.

Jaktkulturen har stått sterkt i desse bygdene. Styresmaktene, med landbruksministeren i spissen, lovde før saneringa at villreinen skulle koma att i området etter ein saneringsperiode på 5 år. Denne 5-årsperioden er over om eit år, våren 2023. Mange i bygdene våre, og i landet elles, set no si lit til at lovnaden vert halden, og at villreinen snart er attende.

Arbeidet i reetableringsgruppa nærmar seg slutten, og ein rapport med tilråding til kva som bør gjerast vil snart gå til Miljødirektoratet og Mattilsynet, som er dei organa som skal gjera vedtak og setja i verk tiltaka.

Etter dei siste samlingane i gruppa ligg det an til at gruppa konkluderer med at det beste alternativet er å nytta lokal villrein frå den attlevande bestanden i den sørlege delen av Nordfjella (sone 2). Denne flokken tel no kring 400 vaksne dyr, i tillegg til 100–150 kalvar som kjem til verda i desse dagar.

Omsyn til dyrehelse og -velferd, bevaringsomsyn (genetisk villrein framfor tamrein) og lokale omsyn er teke med som grunnlag for vurderinga som er gjort. Konklusjonen om å nytta villrein frå sone 2 vil vera heilt i samsvar med innspel frå lokale forvaltingsorgan; den offentlege villreinnemnda for Nordfjella, Fjellheimen og Raudafjell, og villreinutvalet, som er grunneigarane sitt fellesorgan.

For å vera tilnærma 100 prosent sikre på at den attlevande flokken i sørområdet i Nordfjella er fri for smitte, vert det gjennomført omfattande testing av prøver frå felte dyr.

Dette er gjort heilt sidan det første prionfunnet i 2016, altså gjennom 6 jaktsesongar. Det er jegerane som står for prøveuttak og innsending, og det er full oppslutning om å få denne jobben gjort.

Gjennom desse åra er det felt og prøveteke 500–600 dyr frå sone 2, altså ein god del meir enn talet på dyr som finst i området i dag. Gjennom ein statistisk modell utvikla av Veterinærinstituttet i samarbeid med leiande viltforskarar vert sannsynet for smittefridom i bestanden berekna.

Annonse

Modellen vert stadig oppdatert med data frå bestandsteljingar, jaktuttak og nye prøver som er tekne. Tilsvarande berekningar vert gjort for alle norske villreinbestandar. Per dato ligg det statistiske sannsynet for at bestanden i sone 2 er smittefri tett oppunder 90 prosent.

Kravet frå styresmaktene er at dette skal ha nådd 99 prosent, før dyr frå denne stamma kan flyttast inn i sone 1. Dialog mellom lokal villreinforvalting og metodeutviklar på Veterinærinstituttet indikerer at det vil vera realistisk å nå 92–94 prosent tryggleik etter jakta komande haust.

Me ser føre oss at 99 prosent tryggleik tidlegast kan oppnåast etter jakta i 2024, med det løpet som no vert lagt for prøvetaking og utvikling av reinstamma. Dette tilseier at å starta flytting av dyr frå sone 2 nordover til sone 1 tidlegast kan skje vinteren 2024-25, halvtanna år etter at brakkleggingsperioden på 5 år er over.

Ei slik utsetjing meiner me bør aksepterast, ut frå omsynet til at dyrematerialet som vert innført må vera garantert fritt for smitte. Samstundes skjer det ei stammeoppbygging i det området der dyra går i dag, noko som gjer at ein kan få fleire dyr å flytta over, når dette først skal skje.

Det har vore noko usemje i reetableringsgruppa om kor strenge krav som skal stillast til testing av dyra som skal flyttast. Kan ein rekna som godt nok at flokken er friskmeld på bestandsnivå, eller må kvart enkelt dyr fangast inn og testast for prion, genstatus og alder?

Særleg nokre av veterinærane i arbeidsgruppa har vore talspersonar for det siste, altså eit regime med omfattande testing. Her er lokal villreinforvalting sitt syn at friskmelding av heile bestanden må vera utgangspunktet, og at det ikkje kan aksepterast å utsetja dyra for ei så hard belastning som det vil vera å driva flokkar inn i kve, for deretter å fiksera og prøvetaka kvart dyr.

Etterfølgjande ventetid på prøvesvar må påreknast. Dette er trass alt villrein, og det frå ein bestand med særs skye dyr. Noko av grunnen til at nokre ynskjer utstrekt prøvetaking, er at motstandskrafta mot CWD truleg kan variera frå dyr til dyr i ein bestand, og at dette kan ha samanheng med gensamansetnad.

I teorien kan ein såleis få opp att ein bestand i sone 1 med noko høgare motstandskraft mot skrantesjuke enn den som var der tidlegare. Her meiner me i lokalforvaltinga at eit godt alternativ kan vera å gentesta vaksne bukkar i samband med radiomerking som likevel skal gjerast, og deretter leggja til rette for at bukkane med dei «beste» gena vert dei mest aktive under paringa om hausten.

Uttak av merkte bukkar med «feil» gensamansetnad kan lata seg gjera. Slik vil ein etter nokre få generasjonar kunna endra genetikken i stamma i retning av auka motstandskraft, dersom det skulle verta eit prioritert mål.

Til slutt vil me minna om at dette er viltlevande dyr, ikkje husdyr. Det vil alltid vera faktorar i naturen som ein ikkje har full oversikt og kontroll over. 100 prosent risikostyring vil ein aldri kunna oppnå, sjølv om nokre kanskje skulle ynskja det.

Neste artikkel

Intet nytt fra økonomifronten