Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Reetablering av villrein i Nordfjella – er tradisjonelt naturvern godt nok?

Då me for to år sidan utrydda 2000 villrein i Nordfjella, tok me avgjerda om å styre naturens gang. Me kryssa Rubicon. No vil det vera heilt feil å snu på hælen og overlata alt til slumpelukka.

Heile villreinstamma i nordlege delen av Nordfjella vart skoten vinteren 2018 for å stoppe skrantesjuke. Her frå Breistølen. Foto: Marit Hommedal / NTB scanpix
Heile villreinstamma i nordlege delen av Nordfjella vart skoten vinteren 2018 for å stoppe skrantesjuke. Her frå Breistølen. Foto: Marit Hommedal / NTB scanpix

For fire år sidan vart skrantesjuke påvist hjå villreinstamma i Nordfjella. Skrantesjuke er ein prionsjukdom som råkar hjortedyr, kjend frå Nord-Amerika som CWD. Der spreier sjukdommen seg sakte, men sikkert. Nordfjella er eit fjellområde mellom Hallingdal og Sogn. Heile stamma i nordlege delen av Nordfjella (Sone 1) vart skoten vinteren 2018. I den sørlege delen (Sone 2) er det att vel 400 dyr, der er smitten ikkje påvist. På grunn av risiko for miljøsmitte, skal Sone 1 vera tom for reinsdyr i minst 5 år. Etter karantenetida skal villreinstamma reetablerast. Mest aktuelt er det å la dyr frå sone 2 trekkje nordover og gradvis ta i bruk sone 1.

FNs naturpanel fortel at menneskeleg aktivitet har enorme utilsikta konsekvensar for alt liv på jorda. Når vegar og jernbanar har splitta opp leveområdet for villreinen, var dette aldri ei villa utvikling. Det berre vart slik, akkurat som moderne friluftsliv gjer framtida for villreinen endå meir usikker. Heldigvis har me etter kvart forstått at me må ta skeia i ei anna hand. Me har fått nasjonale villreinområde og kvalitetsnorm for villrein, for å nemne noko. Og den som vil seta i gang eitt eller anna i villreinsfjellet, må gjerne betale for avbøtande tiltak. Likevel er det uvanleg å leite etter tiltak som samla gjev ein positiv slutteffekt, betre enn utgangspunktet. Kan dette gjerast når me no skal reetablere villreinen i Nordfjella? Er det mogeleg å seta ut ein betre tilpassa villrein enn den som vart utrydda for to år sidan?

I meir enn 40.000 år har menneska jakta rein i Europa. Reinsdyra er bitt forma av jakta, dei er blitt selekterte for skyheit, og dyra har lært seg korleis dei best kunne flykte frå steinalderjegeren. Denne skyheita og kunnskapen har gått i arv frå generasjon til generasjon, enten som genetisk koda tilpassing eller som tillærd åtferd. I Rondane og Dovre er den gamle villreinen best bevart genetisk. Reinen der er skyare enn rein i Forelhogna, Ottadalen eller Norefjell. Dei tre sistnemnde plassane har alle dyr som stammar frå tamrein. Aller minst sky er Norefjellreinen, noko som kan skuldast at dyra der har måtta lære seg å leva med eit omfattande friluftsliv rundt seg.

Reinen brukte mange titusen år på å tilpasse seg steinaldermennesket. Vår utvikling dei siste hundreåra har endra spelereglane heilt. Spørsmålet er om tilpassinga er noko verdt som overlevingsstrategi for reinen, i dagens moderne samfunn. Kanskje er tida komen for å nytte meir målretta verktøy i kampen for villreinen. Me har kunnskap og innsikt til å endre den genetiske samansetninga i ein bestand. Og kanskje kan me lære dyra å akseptere menneskeleg aktivitet ved å nytte verkemiddel frå tamreindrift. Sjølv om det kan vera å banne i kyrkja, vil eg no lufte nokre argument for å nytte tamrein som donorbestand.

Annonse

Min fyste påstand er at om me tenkjer smittesikring og dyrevelferd, kjem tamreinen best ut som donorbestand. Diverre er det risiko for miljøsmitte i Sone 1, sjølv om me ventar i fem år eller meir. Risikoen blir redusert dersom me nyttar dyr med høg genetisk resistens. Kvart enkelt dyr bør testast før det slepp inn i Sone 1. Og i mange år framover må reinen i Sone 1 overvakast med tanke på resmitte. All denne testinga må gjerast ved å ta prøve frå eitt og eitt dyr. Uansett korleis me utfører prøvetakinga, er det ei belastning for dyra. Tamrein er vande til å bli samla og fanga i kve. Prøvetaking av tamrein kan derfor aksepterast når det blir utført på beste vis. Men å samle villrein i kve og fange dei, er etter mitt skjøn utanfor det som kan aksepterst om ein legg vekt på dyrevelferd. Bruk av bedøvande medikament og helikopter er om mogeleg endå verre.

Min andre påstand er at den gamle, lokalt tilpassa reinen, ikkje lengre eksisterer slik han eingong var. Han har vorte redusert av massefangst og blanda med tamrein mange gonger dei siste hundreåra. Me har påverka arvestoffet til reinen i Sone 2 i stor grad. Å nytte desse som donorbestand, er å setja ut dyr som er «tukla med genetisk». Også dei er halvt tamrein.

Min tredje påstand er at fjellet heller ikkje er slik det eingong var. Klimaendringar er ei sak. Viktigare for reinen er menneskeskapte hinder og aktivitetar. Moderne friluftsliv skremmer reinen vekk frå vinterbeita. Friluftsfolket vil nytte vinterfjellet til rekreasjon, og fleire vil nytte større og større deler av fjellet. Reinen som er i Sone 2, vil truleg aldri våge seg langt aust og sør, mot Geilo og Hemsedal. Og om dei gjer det, vil dei garantert rømme frå gode vinterbeite når tobeinte med eller utan hundar strøymer inn i fjellet på etterjulsvinteren. Kanskje kan framtida for villreinen best sikrast om me hjelper han med å tilpasse seg vår moderne bruk av fjellet? Me har no ein unik sjanse til å teste ut om friluftsliv og villrein kan trivast i lag viss me reetablerer med utgangspunkt i tamrein.

Me har no ein unik sjanse til å teste ut om friluftsliv og villrein kan trivast i lag viss me reetablerer med utgangspunkt i tamrein.

Kåre Rudningen

Min fjerde påstand er at det er massevis av spørsmål korkje eg eller andre kan gje gode svar på no. Kunnskap må samlast inn, og kjepphestar må salast av. Eventuell bruk av tamrein som donorbestand er ingen kvikkfiks, mangt må avklarast og mangt må tilpassast. Men det vil vera utilgjeveleg å avfeie alternativet berre fordi det er ein uvanleg variant av naturforvalting.

Då me for to år sidan utrydda 2000 villrein i Nordfjella, tok me avgjerda om å styre naturens gang. Me kryssa Rubicon. No vil det vera heilt feil å snu på hælen og overlata alt til slumpelukka. Tradisjonelt naturvern er kan hende ikkje godt nok no, naturen må røktast om skal me få ei livskraftig villreinstamme i heile Nordfjella.

Har du noe på hjertet?

Neste artikkel

Klimadebatten: Hvor er landbrukets lederskap?